30.1.09

Barnehagebesøk

I dag har eg og Lilly vore i barnehagen! Ein av barnehagane her på Åkra arrangerte open dag for oss som skal søkje barnehageplass til hausten. Fyrst var det litt informasjon om korleis dei har det, så fekk me vera me på samlingsstund, til slutt var det mat. Akkurat i dag var det salatbuffet, det har dei ein gong i månaden. Ganske koseleg å sjå dei små velja ut kva dei vil ha før dei balansera tallerkenane med seg attende på plassen sin. Ein av dei hadde forsynt seg godt med kylling og ananas :O)


Det var koseleg å sjå dei små, men eg vart litt sentimental med tanke på at det snart er vår Lilly som er ein av dei ungane. Tenk at Lilly skal vera med nokon andre vaksne heile dagen, og dei skal ha ansvaret for jenta vår. Dei skal gje ho ein klem og sei at ho er flink, og dei skal kjefte om ho gjer noko gale. Akkurat no kjennest det heilt feil ut, men eg reknar med at det blir meir naturleg når det nærmar deg. Det er trass alt over eit halvt år til ho skal begynne! Og eg må innrømma at det verkar som dei har det veldig kjekt... :O)


Det er ikkje lenge sia prinsessa vår var pitte-pitte lita....


2 kommentarer:

KnøtteKRIK sa...

Så pitte-pitte-liten... Tenk at di har vore så små at me mesten kje fant di igjen i sengå :-)

Familien Hegglid sa...

Så liten... :) Så koselig med barnehagebesøk da! Genialt for barnehagesøkerane å sjå koss ting foregår!

Skjønne tankane dine, eg e fortsatt ikkje der- kanskje derfor eg ikkje har hatt SJ i barnehagen endå.. synes d e ganske skummelt å gi andre eit så stort ansvar!! Men, som du sier- det kommer kanskje med tiden... ;)
Lykke til med søkingen! :)