Viser innlegg med etiketten Blomar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Blomar. Vis alle innlegg

7.6.11

status


Verken i går eller i dag får eg til å leggje att kommentarar på bloggane dykkar.

Frustrerande!

Er det berre meg, eller er det blogger som framleis har problemer?


6.6.11

i dag...


øs-pøs regnvêr
Melody Gardot
Bumerang av Tatiana de Rosnay
Cafè au Chocolat

3.6.11

god helg!


Peonane frå forrige helg blir utnytta til det fulle, og pydar framleis kjøkenbordet.
Sola skin.
To fridagar (=familiedagar) ligg framfor oss.

Ein kan jo ikkje anna enn vere glad!

God helg til deg!

30.5.11

glede på ein måndag





















M
ine måndagsgleder

- peoner på kjøkenbordet
-oppdage at eg har fått ein award med fin omtale
-sjokoladekaffi
-ei kjekk bok
-gode klemmar

Har du tenkt over kva som har gleda deg i dag?

Ønsker alle som kikkar innom ei fin veke!

7.1.11

god helg



















tulipanar er i hus. I den finaste lyserosa fargen.

Eg syntes det er litt tidleg å byrje å lengte etter våren, men eit slikt fargeinnslag gjer godt.

Tusen takk for dei fine tilbakemeldingane på
butikken min. Det er kjekt å drive butikk! ;O) Og igår kveld kosa eg meg med å pakke inn dei første bestillingane, som vil bli sendt avgårde i dag.

Eg vil ønske alle ei fin helg,

ta deg tid til å nyte dei gode øyeblikkene.

26.11.10

julefavoritt



ein pakka eg inn med matpapir og hyssing og gav til ei fin venninne
ein annan får stå i ein kopp i vinduskarmen min
medan den siste er så heldig at den har sin eigen "svibelvase"

Eg har eigentleg aldri hatt noko forhold til juleblomar. Vel, utanom raude julestjerner då, det er fast innslag heime sjå foreldra mine. Men dei siste åra har det endra seg, og no er sviblar ein viktig del av julepynten i min eigen heim. Syntes den er fin både som lilla lauk, med ein liten grøn kvast, og når den står i full blomst. Litt sterk lukt, men no gir den meg berre julekjensle.

I går kveld blei eg sitjande å kikke i blader og bøker for å få inspirasjon til julebaksten. Det finst så mykje godt at ein kunne ha baka kvar dag! Men med tanke på dei kakemonsane me er, er det ikkje særleg lurt ;O)

Kva bakar du til jul? Koseleg om nokon vil dele oppskrifter eller idear. Det kan nok bli litt "matblogg" tendenser her sjå meg framover. Håpar det er greit :O)

No blir det snart kakaolaging, eg ventar nemleg koseleg venninnebesøk.

Håpar alle får ei herleg adventshelg!

22.7.10

blomar & lin

love
love
love

4 år som mann og kone

I feel lucky!

4.7.10

morgonstund

...med ro
nydeleg mangote (Definitivt sommarens tefavoritt, kjøpt på Le palais des thès)

og ei bok eg likar veldig godt, Jabes bønn for kvinner. Funne att då me rydda på kottet.

Ein herleg start på ein nydeleg dag.

Håpar dagen din blir god.

7.6.10

det blomstrar...


...i hagen

...på butikken
Peon er ein av mine favorittblomar, og eg håpar busken eg planta i fjor blømer i år... 

...på kjøkenet
Min nye-gamle kakeboks får pryde kjøkenhylla for tida. Både lærerik og fin :O)

Det er ei herleg, blomstrande tid me er inne i no.
Skapt for å nytas!

10.5.10

lilla blomar i ein blå kopp





Kunsten å være
lykkelig består i å
gjøre sine gleder
enkle.

Kinesisk ordspråk

.............................................................

Lilla blomar plukka i vegkanten, og ein blå melaminkopp kjøpt i Bergen i helga.
Enkle gleder på ein måndag.

22.4.10

still here














Plutseleg er det fleire veker sidan forrige innlegg! Kva skjedde? Eg har fått erfare at det er travelt å vere fulltidsarbeidande småbarnsmor, så når kvelden kjem har det rett og slett vore tomt for energi den siste tida. Satsar på at det blir litt rolegare framover, og at dei lyse kveldane set inspirasjonen i sving :O)

14.3.10

vårteikn



...så snart ein del av plenen var fri for snø, var snøklokkene der. Endeleg var det deira tur. Og endeleg -no er våren her!

God sundag!

7.3.10

fridag
















vårblomar i vindaugskarmen,
og ute smeltar snøen.

No er vel våren på veg.

Det er ikkje ofte eg er glad for at det regnar, men det vart eg i dag då det kom nokre dråpar.
Har så lyst på litt fargar ute. Og det er jo berre tre veker til påske, og då må jo påskeliljene stå i blomst.

Om tre veker er det og noko anna som skjer. Min kjære er jubilant, og me skal på kjærastetur, kan tru me gledar oss!

Det er godt å ha slike lyspunkt i vente når ein har byrja i 100% stilling, og kvardagen er ganske travel. (Du må nyte å ha fri, Judith ;O)) 

Men i dag er det fridag, og då skal ein slappe av.

God sundag!

26.2.10

rosa knoppar
















Ferskengreiner er helgas blomar. Ti greiner står fulle i knoppar.
Eg gler meg til dei blømer!

Ønsker dykk ein god og avslappande fredagskveld.

30.1.10

lykke...



...på ein laurdag er rosa tulipanar
og skattejakt på brukthandelen.
(Bilete av det eg fann kjem sånn etterkvart :)

4.9.09

God helg!


Eg vil berre få ønske alle som er innom ei god helg!

Me har ei kjekk helg føre oss, og det håpar eg at du óg har :O) Vil og få takke for dei fine tilbakemeldingane eg har fått på bileta nedanfor, they make me happy!!


Bilete i dette innlegget er til ære for Vibeke med den nydelege bloggen Duften av erteblomster. Ho skal nemleg gifte seg i morgon!! Eg vil berre få gratulere herr og fru Erteblomst og ønske dei alt det beste for ekteskapet og framtida. Bless you.

2.9.09

Septemberroser






Rosa roser på ein regnvérsdag.....


Eg og Lilly er heime og kosar oss i dag. Herleg med eit avbrekk midt i veka.


Eg håpar at du har ein fin dag. Kanskje du óg har tid til eit lite avbrekk. Ein kopp te, ein liten tur i frisk luft, lesa litt i ei god bok. Det er ikkje så mykje som skal til :O)


God onsdag!