Viser innlegg med etiketten Ut på tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ut på tur. Vis alle innlegg

10.3.10

london-minner-tips?




















Eg fann fram nokre gamle album i dag for å sjå på bileta frå då me var i London. Årstalet er 2005, og sjølv om eg ikkja klagar over at me er gamle eller noko slikt, så såg me litt freshare og våknare ut då, liksom. Livet som arbeidande småbarnsforeldre er ikkje det same som studentlivet ;O)

Bileta vekka gode minner, og eg gler meg veldig til me skal reise dit att om nokre veker. No då me har vore der ein gong før, har me sett det som "må" sjåast. Eg lurar derfor på om de har nokre tips om ting som er kjekke å sjå, oppleve, og stadar å handle?

Me skal på marknad i Portobello road, og eg vil prøve å finne ein butikk som sel Liberty-stoff, ein tur innom ein Cath Kidston butikk hadde og vore fint. Me vil og prøve å gå på ein gudsteneste i Westminster Abby, og S har fleire museums ønske.

Me har altså litt planar, men eg tenker at dykk bloggdamer sikkert òg har nokre kjekke tips :O)

Feel free to share!

7.9.09

Bergen



Frå laurdag til sundag var me ein snartur i Bergen. Søskenbarnet til Stian skulle nemleg konfirmerast. Me fekk nokre fine dagar saman med familie som me ikkje ser så ofte no etter at me flytta frå Bergen. Kost og losji av øverste klasse! ;O)

Då me kom fram på laurdagen fekk me tid til ein liten bytur. Litt rart å gå i gatene. Dei er liksom litt "våre" samstundes som dei ikkje er det. Bergen kjem nok alltid til å vera ein stad me vender attende til med gode minner.

Me fekk nokre timar saman med Fru Sørensen og mann, det var veldig kjekt! Dei store jentene fekk seg ein tur ut til Stoff og Stil, medan Lilly måtte vera med gutane på mimretur. Eg skulle kjøpe stoff å sy puter av, men enda opp med ferdigsydde puter. Poenget som forsvant.... Eg blei så overvelda av alle dei fina fargane og fargekombinasjonane at eg ikkje klarte å bestemma meg. Klokka nærma seg stengetid og eg var litt frustrert over "vingle Petteren" i meg, då kom eg over denne korga med ferdigsydde puter, tidlegare utstillingsputer. Eg er veldig nøgd med fargane, men eg skal "personalisere" dei litt. Bilete kjem nok når dei er ferdige :O)

Ei god helg er over, og ei ny veke ligg føre oss. Vekedagar er ikkje så verst dei heller, Grey på skjermen og hekletøy i fanget ;O)



God mandagskveld!

4.8.09

Blå, gode bær...

gode vener


nydeleg vér


blåbær


sommar



15.7.09

Home Sweet Home

Det er ein velbrukt setning, nærast ein klisje, men eg må berre sei det: borte bra, men heime best! No er me heime i fedrelandet att etter herlege dagar i Spania. Me har bada, sola oss, shoppa... og vore litt rundt om kring. Første veka var me aleine, og resten av turen saman med foreldra mine. Temperaturen har vore veldig behageleg, utanom ei helg då ei hetebølge kom over oss. 33 grader klokka ni om kvelden er for varmt for meg! :O)

Ellers så var det ein ny erfaring å reise på tur med ein liten sjarmør. Lilly var veldig kontaktsøkande på tur, ho sa "heia" og smila til alle ho såg. Og ho hav seg ikkje før ho fekk respons! :O)






Ein liten tur til England...nærare bestemt Gibraltar



På marknad




12.5.09

Jentetur til Trondheim

For ei helg! Kos, avslapping, shopping og supre venninner. Det var veldig kjekt å oppleve Trondheim by, men minst like kjekt var det å berre vere saman over så mange dagar. Bileta får tala for seg sjølv:





Dagen før me kom hadde Stoff og Stil opna i Trondheim,, denne serverdigheten var sjølvsagt high priority! Me var der inne i minst ein time, så mykje å sjå og kjenne på. For det blei mest det på dei fleste av oss. Det var Gerd Katrin som gjorde den største handelen, ho skal nemleg lage seg eit lappeteppe. Gler meg til å sjå resultatet!! Eg handla litt forskjellige nødvendigheiter, og heilt sikkert nokre unødvendigheiter. Som for eksempel strikkepinnar som er 15 mm!!! Lurer på kva eg skal lage med dei.... Kanskje putetrekk til vinteren...





I byen fann me ein nydeleg (og veldig dyr!) butikk. Alle hadde vel planar om å kjøpe Green Gate, men det blei ikkje ei einaste skål på nokon av oss. Eg enda opp med nokre småting, blant anna knottar til skuffene på skapet eg har måla. Og ein knagg, eg likar knaggar.





Det er litt fasinerande når ein går fire jenter og shoppar i lag. Som for eksempel når to av oss står og beundrar ein kjole, og den tredje kjem frå prøverommet med akkurat den kjolen. Judith blei den heldige eigaren av ein nydeleg kjole frå Zara. Eg kjøpte ein blomstrete sommarkjole på Indiska. Eg trur og eg har sett personleg rekord på kor lenge eg har vore inne i ein butikk... :O)




Takk for ein super tur, girls!
(eg gler meg allereie til neste års tur ;O))

6.5.09

Mamma på tur!


I morgon bere det avgårde!
Jentetur til Trondheim for å besøke Gerd Katrin.
Eg gler meg!