Viser innlegg med etiketten Tips. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tips. Vis alle innlegg
23.5.11
om bøker og eit nytt boktips
No har eg akkurat lese dei siste sidene om Julia, Sara og alle dei andre.
Historien sit framleis i meg...
Det er det som kan vere så fantastisk med bøker, dei tar deg med inn i ei anna verd, rører ved deg, lar deg få vite, gir deg ny kunnskap og set kjensler i sving. Dei siste par dagane har har kvart ledig minutt blitt tilbragt i Paris. Eg er nok litt svak for bøker der handlinga er lagt til akkurat den byen...
Eg er nok ikkje aleine om å lese Saras nøkkel av Tatiana de Rosnay i desse dagar. Ei utruleg god bok etter min meining! Det store spørsmålet no er om eg skal sjå filmen eller ikkje.
Har du lese denne boka?
Eg er verkeleg i lesemodus for tida, og tar gjerne i mot boktips :O)
Innhaldet i koppen på bildet er forøvrig Café au chocolat frå Nescafé, nok ein favoritt no om dagen! :O)
Ønsker deg ein herleg kveld!
19.5.11
snart i mål!
Eg har passert 300 dagar!
I juli i fjor byrja eg på 365 prosjektet mitt, og no er det berre 58 dagar att!
Eg var litt skeptisk til om eg ville klare det, men no ser det jammen ut som at det går! Det har vore ei fin reise, og det er veldig kjekt å sjå tilbake på bildene. Det ligg minner bak kvart bilde, både kvardagar og store hendingar. Men for all del, nokre bilder er tatt berre for å ta eit bilde og.
Å ta eit bilde kvar dag, har gått greit. Det som er litt stress er å laste dei opp på Flickr. Spesielt når ein ligg mest ein månad bak...eg tok lærdom av det!
Om du vil sjå på "året mitt", finn du photostreamen min her.
Eg er veldig glad for at eg har gjort dette, og vil anbefale det vidare :O)
5.5.11
boktips
"Barnepiken beskriver forholdet mellom svarte hushjelper og deres hvite fruer i Sørstatene på første halvdel av 60-tallet"
"rørende, trist, morsom, lærerik"
Eg blei tipsa om denne boka, og vil gjerne gi det vidare. Ei utruleg god bok!
Og du, om du vil vere med på giveaway'en min, kan du leggje igjen ein kommentar i dette innlegget.
Ønsker deg ein fin lille-fredag! ;O)
28.3.11
endeleg
Boka eg har venta på frå biblioteket er i hus, det er òg den siste Manokoppen. Sistnevnte i ein nydeleg blå-turkise farge. Denne var utsolgt då eg bestilte, difor fekk eg den fyrst no, men den var verdt å vente på :O)
Glassrommet av Simon Mawer ser òg ut til å leve opp til forventningane. No kan det vere at eg uttalar meg litt tidleg, men fram til side 62 likar eg hvertfall det eg les.
Planane mine for kvelden inneheld desse to "nyvinningane".
Ønsker deg ein fin kveld!
1.2.11
colatriks
Eg blir ofte sjarmert av syltetøy -og andre liknande glas. Dei har ofte så fin form, og dei kan brukast til så mangt. Eg har jo ein fin gjeng som fungerar som telysehalderar, dei er fine å ha blomar i, og som på bilete, som pennehaldar. "Problemet" er etiketten. Kunne mest tru at produsenten ikkje vil at me skal få den av. Eller så er det av andre grunnar ;O) Men no har altså min kjære mann kome med løysinga!
Dersom ein putter glasa "i bløyt" i coca-cola går det som ein leik å skrape av både etiketten og limen. Naturfag i praksis ;O)
Kanskje ikkje så kjekt å sjå eit syltetøyglas bade i cola for dei som er veldig glad i å drikke det....
Men no veit du ihvertfall om det! :O)
Fin tysdag til deg!
23.1.11
sjokoladekjeks
Har du lyst på noko søtt og godt til sundagskaffien?
Då vil eg anbefale ein tur innom denne søte bloggen.
Sjokoladekjeks med havregryn og store bitar av kvit sjokolade,
kan eg anbefale!
God sundag!
7.12.10
*shining star*
Eller, den skin jo ikkje, men den er veldig fin! :O)
Då eg og ei venninne hadde "juleverkstad" i helga, blei det mest prat og litt verkstad (difor hermeteikna). Eg hadde store planer om endeleg å få dreisen på vivi gade stjerner, men då eg fann fram oppskrifta, kjente eg frustrasjonen frå i fjor bre seg i heile kroppen. Den planen blei difor lagt på is... Men det me fekk laga var fine kakepapirstjerner. Inspirasjon og oppskrift til dei fann eg inne sjå prydelege Åshild.
Tips til deg som vil lage noko fint,
utan stressfaktor ;O)

14.5.10
frydeleg pryd
Foto: Prydelig
Eg gler meg til å pryde meg med desse nydeleg smykkene!
Prydjentene har lagt ut sin nyaste kolleksjon i dag.
Eg anbefalar ein tur innom :O)
24.4.10
til dei søte små
Bilete lånt frå sidene til POMPdeLUX
For ei veke sidan blei eg tipsa om fine barneklede på POMPdeLUX, og no er Lilly den heldige eigar av fine klede til våren og sommaren. Eg likte sååå godt stilen, fargane og fasongane. Me er kjempe nøgde med bestillingne vår! Jumpsuiten på det høgre bilete var uheldigvis utsolgt, men ellers fekk me det me ville ha. Er nok mange andre som og har oppdaga sidene, for nokre av varene var utsolgte.
Ta ein kikk innom om du har nokre søte små som skal få litt nytt i garderoben :O)
22.9.09
Ein unik giveaway sjå Vibeke
Dette er ein av tinga ein kan vinne.
Vibeke med bloggen Duften av erteblomster har ein utruleg giveaway heile denne veka! Fem unike nettbutikkar har donert gåver i anledning at bloggen til Vibeke har passert 100 000 besøkjande. Den siste tida har eg oppdaga fleire slike "små" nettbutikkar med heimelaga, unike ting, og eg kan berre sei: ME LIKE. Difor lar eg ikkje kjangsen gå frå meg no når eg kan vinne noko frå ein av desse butikkane.
Frå Vibeke sin blogg:
Disse herlige bloggerne som du kan se under her har bidratt med hver sin gave i denne anledningen og jeg kommer til å lage et innlegg her inne denne uken om hver og en av dem slik at dere kan bli bedre kjent med dem.
unni strand med strand redesign
monome smykkedesign
klinkekulen ved katrine kalleklev
kasparas salgsblogg
buda mi- haust sin lille butikk
snøstorm
urban retro med urban retro-shop
10.6.09
Inspirasjonsperm
Eg har ein perm.
Det byrja med strikke og hekle oppskrifter, fortsette med sømoppskrifter og enda i eit rot i hop av utklipp frå aviser og blader. Lenge har eg tenkt at eg burde få litt system i det rotet. Det blir ikkje til at eg ser på alle utklippa når dei berre ligg slengt inn i permen (og på hylla der permen står)… Så i dag tok eg tak i problemt! Gjekk på bokhandelen, kjøpte 10 stk. plastlommer, fann fram ein perm eg hadde liggjande, og vips: system!
Den opprinnelege hobbypermen har behalde sitt virke, og den nye permen er min inspirasjonsperm. Den er inndelt i: interiør, hus (i tilfelle me skal byggje ein gong, er det greit å ha ei samling over kva eg syntes er fint) kake/dessertoppskrifter, matoppskrifter, hage/blomar, ordtak og liknande, reise og til slutt ein diverselomme. Fleire kategoriar kjem sikkert til underveis.
No har eg to permar, og eg merkar allereie; eg er veldig glad i inspirasjonspermen min :O)

Abonner på:
Innlegg (Atom)