Viser innlegg med etiketten HUS. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten HUS. Vis alle innlegg

28.5.11

varm inspirasjon





















Foto: Rais


...på ein heller kjølig kveld.

I dag har me vore og sett på peisar. Den opprinnelege planen om å ha ein peis midt i stova med gjennomsyn, gjekk ikkje på grunn av pipeforskrifter. Så då må ein ny plan formast.  Desse peisinnsatsane til Rais likar eg veldig godt. Reine linjer og enkelt uttrykk. Å ha ei innebygd nisje til veden mjukar opp uttrykket. Heilt klart noko eg godt kan ha i det nye huset vårt!

Medan andre drøymer om sommar og sol er det altså dette som opptar tankane mine om dagen ;O)

Ønsker deg gode (og varme) helgedagar vidare

10.5.11

ein baderomsdraum...


















Foto: Sigdal



E
g kunne veldig gjerne hatt dette badet frå Sigdal!

enkelt
reine linjer
spa-kjensle

Men no er det no ein gong slik at sjølv om ein bygger nytt, kan ein ikkje alltid få det nøyaktig slik som ein vil... Badet i det nye huset vårt er ikkje på 20 kvm, og det har ikkje store glass-skyvedører ut til eit basseng(?). Men då gjeld det å gjere det beste ut av det ein har(skal få), og fryde seg over at ein ihvertfall får eit baderom som er så nær det ein ønsker som mogeleg (praktiske og økonomiske forhold tatt i betraktning).

Ein bollevask skal me nok få til! :O)

25.4.11

på tomta



















H
er skal me byggje og her skal me bu. Som dykk ser; det blir tett og godt! Nokre vil kanskje meine det er galskap å flytte frå den plassen me bur på no, og inn på eit byggefelt. Men akkurat no er me på eit stadie i livet der byggefeltets fasiliteter står sterkare enn sjøutsikt. Me har allereie fått kjenne på dette då me var på  besøk sjå dei nye naboane (som me kjenner frå før). Ungar som spring rundt og leikar, leikeplassar rundt kvar ein sving og ikkje minst, kaffislabberas sjå naboen :O)

Eg har prøvd å teikne inn korleis huset skal stå på tomta. Målestokk er ikkje brukt ;O) Me får ein forholdsvis stor terrass med garasje under, og huset ligg litt på ein høgde, ut frå vindauga på denne sida av huset har me difor fri sikt. Greit å ikkje vere innebygd på alle kantar.... :O)

Ein av tingene eg likar godt her me bur no, er morgonsola som strøymer inn (ja, når den viser seg da) frå eine sida av huset, og kveldssol frå andre sida. Huset er jo ikkje så stort, så då fyller sola heile rommet, herleg! Me har ein del vindauge i det nye huset og, og då eg fekk flytta på ei terrassedør (og ofra litt plass til kjøkkeninnredning) håpar eg at me klarer å få den effekten i det nye huset og.

Ein annan ting eg håpar på er å få behalde nokre av trea. Kanskje ikkje så kjekt for dei som skal grave og plannere tomta....men det skadar ikkje å spørje. Når ein er litt over gjennomsnittet interessert i korleis ein har det rundt seg, kan ein ikkje gjere alt på den mest praktiske måten ;O)

14.4.11

HUSbyggerar!


















Då var avgjerda teke og kontrakten underskriven!!

Me skal altså bygge hus! Eller, det blir nok lite bygging på oss, men me skal ihvertfall flytte inn i eit nytt hus ;O) Etter litt fram og tilbake, grubling og vurdering klarte me å bestemme oss, me hoppar i det!

No er det berre til å smørje seg med tålmod medan søking om både det eine og det andre pågår. Me håpar at spaden blir satt i jorda i byrjinga av juni.

Bloggen blir nok litt prega av dette i tida framover :O)