Viser innlegg med etiketten søtt og godt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten søtt og godt. Vis alle innlegg

2.6.11

rabarbrapai



































F
int å ha ein gamal hage med stor rabarbrabusk. Me har laga rabarbrapai i dag, og eg deler gjerne oppskrifta.

rabarbra
2-3 ss sukker
1 ss potetmel

vaniljekrem

3, 5 dl kveitemjøl
1 dl sukker
125 gr romtemperert smør
1/4 salt


1 neve hakka mandler
litt brunt sukker


Skjær rabarbraen i bitar, strø over sukker og potetmjøl. Eg lar det stå slik ei stund, men veit ikkje om det er nødvendig. Brei over vaniljekrem. Dei tørre ingrediensane og smøret kan du ta oppi ein plastpose og knø saman, smuldre det så over vaniljekremen. Hakk mandlane og strø dei og litt  brunt sukker over til slutt. Steik på 200 grader i ca 30 minutt. Server varm med vaniljeis. mmm...

God sundag til deg!

oooopps! det er visst berre torsdag i dag ;)

..................................................................

Eg deltar på "månadens sötsak" med dette innlegget. Temaet er "utländskt", og pai er vel noko utanlandsk....amerikansk?

15.5.11

festligheter
























S
å var festlighetene over for denne gong. Dei siste dagane har bestått av pølser, ballongar, søtsaker i alle former og fasongar, ungar, vaksne og gamle. Me har kost oss, og jubilanten gjekk godt fornøgd til sengs i kveld. Kan nok bli litt vanskeleg å forstå kvifor ho ikkje kan få gåver i morgon...

No har me sege godt ned i sofaen, og blir nok her resten av kvelden.

Håpar du har hatt ei fin helg!

29.4.11

f r i d a y it is!



























N
o har eg fri eigentleg heile veka, men det er ganske herleg med fredag for det!! :O)

Spesielt når det er fantastisk vèr, eg snart skal ut med mi kjære venninne, GK, og eg kan kose meg med dei fiiine og gode makronene eg fekk i påsken. Eit fasinerandes bakverk må eg sei. Flinkis-prydelege-Åshild har oppskrift på bloggen, sjå berre her.

Goood helg!

23.1.11

sjokoladekjeks


























Har du lyst på noko søtt og godt til sundagskaffien?

Då vil eg anbefale ein tur innom denne søte bloggen.

Sjokoladekjeks med havregryn og store bitar av kvit sjokolade,
kan eg anbefale!

God sundag!

17.12.10

peppermyntekuler







































I
går laga eg julesnop som verkeleg vekka barndomsminner. Plutseleg var eg attende på kjøkenet til ei av mamma sine venninner og trilla små kvite snøballer i sjokolade og kokos. Hugsar du mamma?

Tenkte eg ville dele oppskrifta med dykk.

300 g melis
1 eggekvite
ca 15 dråpar peppermynteolje (fås kjøpt på apotek)

100 g sjokolade
kokosmasse

Ha melis i ei skål og drypp peppermynteolje oppi. Her er det lurt å vere litt forsiktig, og heller ta i meir etterpå. Dette seier eg av erfaring ;O) Eg blei litt vel ivrig, så me har nokre sterke oppfriskarar... Pisk eggekvita lett med ein gaffel og ha den i melisblandinga. Kna deigen godt saman og trill små snøballar. La kulene stå til dei har tørka, har blitt harde.

Smelt sjokoladen i vannbad. Dypp kulene først i sjokolade, og så i kokos. Sett dei på ei bakepapirkledd plate, og avkjøl dei i kjøleskapt.

No har du julesnop som er litt oppfriskande etter mektige julemiddagar og søte kaker.

Ønsker alle ei helg med gode opplevingar.
(Berre ei veke att til julaften!)

13.12.10

julebakst





Denne helga er det pepperkakebaking som har stått på programmet. På laurdag baka me figurar heime, og på sundag var me saman med gode venner og laga papperkakehus. Eg må innrømme at det er første gong eg er med og lagar det heilt frå bunnen av, men du kor kjekt! Dette skal bli ein ny tradisjon. Og me har allereie store planar om kva for byggverk me skal lage om ti år, då reknar me nemleg med at me har blitt meget dyktige ;O) Når ein samlast på den måten tenker ein "det blir kjekt for ungane", men ungane dei er mest opptekne av å leke (og ete non stop), så det er me vaksne som bakar og pyntar. Men det er faktisk heilt greit ;O) Huset vårt er det min kjære som har stått for mest heilt aleine, frøkna vår ville som sagt helst berre leike, og litlebror krevde at eg var tilgjengeleg for mating. Har han ikkje vore flink!?

Som de ser av det siste bilete, har me og andre kaker i hus. I veka laga eg biscotti med mandlar, pistasjenøtter og mandlelikør. Desse er helst for dei vaksne, men kaka som har slått best an blant både store og små, er sandkaker/potetmelstoppar. Julekaka som eg alltid har tenkt er tørr og kjedeleg. No ligg det ei einsam att i krukka. Vurderer å lage ein ny porsjon.... :O)

Fin måndag til alle som kikkar innom!

28.11.10

tenn lys...


Tenn lys!
Et lys skal brenne
for denne lille jord,
den blanke himmelstjerne
der vi og alle bor.
Må alle dele håpet
så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes.
Et lys er tent for det.

Denne fyrste dagen i advent har bestått av baking og besøk her sjå oss. Veldig kjekt begge deler! Eg prøvde meg på ei peppernøttekake med limeglasur. To kjente smakar som blei sett saman, og det fungerte eigentleg ganske bra. "Frikst" med litt lime ;O)

No skal resten av kvelden nytast (forhåpentlegvis i sofakroken).

God advent!

7.11.10

det duftar av honning










































































...på kjøkenet vårt i dag.


Eg har nemleg blitt inspirert og freista av Camilla Jørgine si oppskrift på frukostblanding.

honning
tranebær
valnøtter
mandler

Dette er nokre av godsakene eg har oppi. For oppskrift, sjå her.

Eg har alltid vore, og er framleis, utruleg glad i frukostblanding. Trur eg har åte det mest kvar morgon sidan eg byrja på skulen. Eg har aldri laga det sjølv før, men det kjem eg nok til å gjere frå no av. Ihvertfall innimellom ;O) Veldig enkelt, og veldig greit å putte oppi det ein vil. Då slepp ein òg forskjellige "skjulte" ingrediansar...

Og Camilla, eg tok det som ei utfordring: fin krukke, bånd og merkelapp ;O)

Eg gler meg til frukost i morgon!

17.7.10

bollevêr


nysteikte bollar med smør og bringebærsyltetøy....

Eg syntes sommarregn berre er herleg. Jo kraftigare, jo betre!
Men når det regnar i eit strekk, fleire dagar på rad, då fell det inn i ein annan kategori, nemleg dårleg vêr.

Med ein toåring i hus kan slike dagar bli litt lange. Då passar det godt med bollebaking. Og for ein gongs skyld gjer det ikkje noko at det tar fleire timar før dei er ferdige.

Det må vere lov å håpe på litt sol i morgon....

5.7.10

"jättegoda kolasnittar"

...kallar Leila Lindholm desse kjeksene. Karamellkjeks fengjer liksom ikkje så godt...

Litt søtt må ein jo ha til kaffien/teen når ein har ferie.
Eg kan røpe dei magiske ingrediensane: sirup og ingefær.

Så var utfordringa å ikkje ete opp alle same dagen....

9.6.10

kvardagsreddarar





Sugen på noko godt.
....tørr kneip i brødboksen.

Redningen: eit egg, litt sukker, ca. 1, 5 dl mjølk og litt kanel (for dei som likar det, her i huset er det nok det mest brukte krydderet :O) Pisk dette saman, skjær opp ca. fire brødskiver og legg dei i bløyt. Varm opp panna og ha i godt med smør, steik skivene. Serverast med syltetøy eller bær.

Kvelden er redda!

27.2.10

min laurdag






















- tid for meg sjølv (pappi og Lilly har vore i lekeland)
- høyrt på favoritt cd`en, Vindens veg av Solveig Leithaug
- gått tur i isande vind, men med glimt av sol
- kjøpt meg nye blomar
- prøvd ut oppskrifta på ei ny sjokoladekake
- hatt ettermiddagsbesøk av gode venner

no: krype inn i ein armkrok


God laurdagskveld