7.11.10
det duftar av honning
...på kjøkenet vårt i dag.
Eg har nemleg blitt inspirert og freista av Camilla Jørgine si oppskrift på frukostblanding.
honning
tranebær
valnøtter
mandler
Dette er nokre av godsakene eg har oppi. For oppskrift, sjå her.
Eg har alltid vore, og er framleis, utruleg glad i frukostblanding. Trur eg har åte det mest kvar morgon sidan eg byrja på skulen. Eg har aldri laga det sjølv før, men det kjem eg nok til å gjere frå no av. Ihvertfall innimellom ;O) Veldig enkelt, og veldig greit å putte oppi det ein vil. Då slepp ein òg forskjellige "skjulte" ingrediansar...
Og Camilla, eg tok det som ei utfordring: fin krukke, bånd og merkelapp ;O)
Eg gler meg til frukost i morgon!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Ha, ha ;) Så bra du tok utfordringa, det var jo meint litt på alvor òg! Så bra at den fall i smak. Heldige du som kan "krydre" med litt nøtter i også.
Godt å sjå at ein får tid til å lage slike ting sjølv om ein er heime med ein bitteliten gut, då blir det gjerne mogleg for meg òg når februar kjem ;)
Håpar du har gode dagar, og ønsker deg ein fin og god søndagskveld!
Klem Cam
Oh, it looks so delicious!
Have a nice new week,
Yvonne
Tusen takk for koselig besøk inne på bloggen min :) Kjekt for en fersking som meg - for jeg har vært på besøk hos deg mange ganger. Og blitt inspirert, gang på gang!
Du har en nydelig blogg! Og når jeg så teppet ditt, så fikk jeg lyst å strikke det også. Kanskje det må bli neste prosjekt? ;)
Nyt dagene med dine to små! Og gratulerer med den ferskeste ;)
-jenny
Ser kjempegodt ut! Trur jammen eg skal lage frukostblanding snart!
God tysdag...
Legg inn en kommentar