Viser innlegg med etiketten Gamle skattar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gamle skattar. Vis alle innlegg
19.1.11
babytreff og bruktfunn
I dag har eg og Karsten kost oss saman med andre babyar og mammer. Og det slår meg, igjen. Kor utruleg heldige me er! Me kosar oss heime med godklumpane våre, treff venninner, drikk kaffi/te, et kaker og skravlar. Og dette heile føremiddagen, kvar veke. Denne tida må berre nytast, kvart minutt til endes!
På bileta ser dykk litt av serveringa, og dei siste bruktfunna.
Dagens "tankevekkar" frå meg ;O)
Fin onsdag
til alle som kikkar innom!
8.12.10
eit lite kunstverk
Denne strikkejakka kom min skjønne bestefar ned med her om dagen. I god tru om at min kjære kanskje ville ha den. Eg klarte ikkje å skjule smilet, såg for meg S rusle rundt med denne på ungdomsskulen. Men eg redda min kjære raskt ut av situasjonen med å sei at eg gjerne ville ha den. Litt usikker på kor mykje den kjem til å bli brukt, men fin er den. Det at den er strikka til bestefar min av ho som eigde huset før oss, gir den ekstra verdi. Og som ein bonus er det kjempefint arbeid, ser ut som det er strikka på maskin. Eit aldri så lite kunstverk spør du meg.
Håpar du har ein god onsdag.
Håpar du har ein god onsdag.
5.10.10
"myk start"
Alle ønsker me vel å gi dei små ein mjuk og god start. Varm, trygg, full av omsorg og kjærleik. Og kva er vel eit betre utgangspunkt enn gode og mjuke ulleklede som held den litle kroppen varm? Dette har strikkebokforfattar May B. Langhelle verkeleg forstått, og eg er overbevist. I boka "Myk start" finn ein nydelege og enkle oppskrifter i herlege materiale og fargar. Eg berre måtte reklamere og anbefale denne boka :O) Sjølv oppdaga eg den ganske nyleg, så eg har ikkje strikka så mykje derifrå, men det dykk ser på bilete ovanfrå er frå boka. Alt strikka på to pinnar!
Ein annan ting eg må vise dykk er dette vatt-teppet. Eg har ein farfar som ikkje kastar nokon ting, og då meinar eg verkeleg ingen ting! (Min kjære påstår at eg er lik han, og det kan kanskje stemme, men ikkje i same grad! :O)) For nokre dagar sidan sa han at han hadde eit teppe i uthuset som var fint for ein liten gut. Eg må innrømme at eg kjente skepsisen bre seg, for ein veit aldri kva han kan kome med. Men så var det altså dette fine teppet som eg hugsar så godt frå eg var liten. Både eg og bror min har krabba og leikt på dette teppet, så det skal bli stas å sjå broremannen vår boltre seg på det.
I dag slår eg eit slag for alle som ikkje kastar. Ein kan jo få bruk for det ein gong! ;O)
Ein annan ting eg må vise dykk er dette vatt-teppet. Eg har ein farfar som ikkje kastar nokon ting, og då meinar eg verkeleg ingen ting! (Min kjære påstår at eg er lik han, og det kan kanskje stemme, men ikkje i same grad! :O)) For nokre dagar sidan sa han at han hadde eit teppe i uthuset som var fint for ein liten gut. Eg må innrømme at eg kjente skepsisen bre seg, for ein veit aldri kva han kan kome med. Men så var det altså dette fine teppet som eg hugsar så godt frå eg var liten. Både eg og bror min har krabba og leikt på dette teppet, så det skal bli stas å sjå broremannen vår boltre seg på det.
I dag slår eg eit slag for alle som ikkje kastar. Ein kan jo få bruk for det ein gong! ;O)
20.6.10
årets lopper
Det blei litt småting med heim frå loppemarknaden i går. Eit fat med sommarblomar, ein emaljekopp, ei lita pute til å ha i eames`en, ein lampefot og ein lampeskjerm. Kunne tenkt meg ein fargerik lampeskjerm på den foten, og ein annan fot til skjermen. Men enn så lenge får dei stå saman :O)
Me har hatt ein herleg sundag.
Håpar din har vore like god!
24.5.10
vår inne...
Om det ikkje er så vårleg ute for tida, prøver eg ihvertfall å gjere det litt vårleg inne. Denne helga har me vaska trekket på sofaen og teke vekk teppet som ligg under salongbordet, herleg!
Eg har og funne fram tallerkenhylla. Jesusbilete er omplassert for sesongen, og fargerike fat får pryde veggen.
Kjøpte meg og ein kvast med lavendel då me var i Bergen. Eg har blitt så glad i det den siste tida, stoppar og snusar litt kvar gong eg går forbi :O)
Ønsker alle ein herleg sundagsmåndag!
21.2.10
god sundag
Denne vinteren ser ikkje ut til å nokon ende. I dag er det nærmast snøstorm her. Men det er heilt greit for meg, me kosar oss inne med fyr i peisen, bollar og leiking.
Og ja, eg har vore på bruktbutikken igjen. Fatet har eg sett på så mange gonger, og sidan ingen andre har kjøpt det, så var det nok meininga at det skulle ende opp heime sjå oss. Hjertekoppen blei min for heile fem kroner. Kan brukas til så mangt, lysestake, behaldar for fargar, you name it! :O)
Ønsker dykk ein god sundag,
alle gode!
2.2.10
pastell
Plutseleg har det sneke seg inn pastellar både her og der. Eg hadde ingen planer om å starte "vårifiseringa" i heimen allereie no, men sånn har det blitt. Det byrja med at eg ville hekle nokre hexagon/sekskantar, eg hadde nokre garnnøste liggjande som eg kjøpte på sal for ei stund sidan, og tenkte at dei var passande til det føremålet. Lys rosa, lys grøn og kremfarga. No blei det ikkje heilt slike sekskantar som eg hadde tenkt, så om nokon veit kvar eg kan finne oppskrift på sekskantar, set eg pris på tips.
Dei andre pastellinnslaga er noko av det eg kjøpte på bruktbutikken på laurdag. Lys rosa og behageleg gul. Fargane gir meg Fiducia assosiasjonar....Den rosa, trearma lysestaken er allereie blitt ein favoritt. Dei gule fata bruker eg som lysfat. Men eg lurar på kva dei eigentleg skal brukast til. Dei er deler til eit servise frå Stavanger flint. Er det nokon som kjenner det att og veit kva det heiter. Eg har visst det ein gong, men kjem ikkje på det no... (Er det likt dei fine, grøne tallerkenane du har, Vibeke?) Fata stod saman med nokre koppar, men eg syntes ikkje det såg ut som dei høyrde saman, men dei er og litt små til å vere desserttallerkenar. Tips mottas med takk :O) Eg liker veldig godt dette serviset og kjøpte eit fat i same serie, dei hadde eit ganske stort fat og, men det lot eg vere igjen. Enn så lenge...
Eg har vore heime med ei sjuk dokkemor i dag, håpar på ei god nått og betre form i morgon.
God kveld!
31.1.10
gammal
skjør-sjel-sjeldan
Du har levd eit langt liv. Undrar meg på kor mange gonger nokon har bladd i deg. Du må ha hatt fleire eigarar for du er eldre enn eit menneskeliv. No er det visst eg som eig deg...
Med denne Bibelen som er over 100 år gammal, avsluttar eg sundags-serien min :O). Eg er så heldig å eige desse nydelege bøkene, men det er ikkje bøker eg har framme eller blar mykje i. Derfor er eg glad eg har tatt bilete av dei, då kan eg kikke på dei ofte utan at dei dett endå meir frå kvarandre.
Eg set veldig stor pris på alle dei positive tilbakemeldingane eg har fått. Eg blei heilt overvelda over at så mange syntes det var kjekt å sjå bileta eg har tatt av bøkene.
Vil ønske alle skjønne bloggdamer ein god sundagskveld!
24.1.10
sirlig
stødig-sterk-sjølvstendig
Eg ser det er med ei stødig hand du har ført pennen over sidene. Det er sikkert favorittsalmene dine du har samla i di eiga bok. Ei bok som har fulgt deg gjennom nesten heile livet. Nokre av songane har tittelen "En sang", har du skreve dei sjølv, eller kjende du berre ikkje tittelen?
Ei vakker lita bok med så små, sirlege bokstavar at det er vanskeleg å lese.
Barbara Josefine. Eg har blitt fortalt at ho kom hit som tjenestejente, fann seg ein mann og gifta seg. Ho blei enke veldig tidleg og gifta seg aldri på ny. Ho forsørga seg og dei to borna sine med å jobbe hardt. Det var med beundring i stemmen farfar fortalde meg kor sterk ho var, unormalt sterk til å vere ei dame. Dei brukte lyng til brensel og det gjekk ho opp til marka for å hente, for å klare å rive opp den strie lyngen hadde ho sin eigen metode med nokre ringar og tau. Når ho skulle heim, bar ho lyngen på ryggen, og ein gong hadde ho så mykje last at det ikkje var mogeleg å sjå ho under all lyngen.
Dei to borna hennar budde i huset deira heile livet, og no er det me som bur her. Veldig kjekt å vite litt om historia til dei som har budd her før oss.
Håpar du har ein god sundag framføre deg.
Her byrjar sola å kikke fram så den skal me ut og nyte.
17.1.10
salmer
velbrukt-vakker-viktig-velsigning
Det er med rolege bevegelsar og forsiktige fingarar eg blar i salmeboka. Sidene er så skjøre, boka så velbrukt. Korleis var ho, Josefine som er eigaren av boka? Eg les dei same orda som augo hennar har kvila på. Eg undrar meg på kor mange gonger ho har bladd i denne boka. Lurar på kva favorittsalma hennar var...
Då me overtok huset vårt, måtte me rydde ut etter dei som budde her før oss. Når to menneske har budd i det same huset heile sitt liv, blir det ein del som samlar seg opp i skuffer og skap.
Oppi ein gjennomsiktig plastpose fann eg nokre gamle og velbrukte skattar. Ei salmebok, to biblar og nokre andre små bøker. Bileta over er av salmeboka. Eit par sundagar framover viser eg bilete av bøkene, som ein liten serie :O)
God sundag!
28.9.09
15.9.09
Vintage
Eg gler meg til å pynte meg med
sommarfuglbrosje og
hjertesmykke....
Desse fine skattane kom eg over på finn.no. Eg var nok litt heldig, for etter at eg hadde sendt mail om at eg ville kjøpe dei, hadde selgar fått tre andre forespørslar óg. Når det gjeld fine, gamle ting må en vere tidleg ute, og ha ein porsjon flaks. Den erfaringa fekk eg då me var på loppemarknad. Men denne gongen var eg altså heldig! :O)
9.9.09
Afternoon tea...
Den andre skatten eg fann i går er dette serviset. Veldig blått, og veldig engelsk. Det er litt voldsomt, men samstundes syntes eg at det er fint.
Tanta til S har eit liknande, og i helga kommenterte eg at eg syntes det er så fint. Litt rart då eg går på bruktbutikken dagen etter og finn eit som er mest heilt likt.
Seks kurvertar og to små skåler utan eit einaste hakk. "Fin servise" til 140 kroner syntes eg er ganske overkommeleg ;O)
8.9.09
Fødebyen
Eg var ein tur innom bruktbutikken i dag, og då kom eg over to flotte skattar. Den eine var allereie i vaskemaskina då eg kom på å fotografera, så den får eg visa i morgon. Eg kan sei så mykje som at eg er veldig nøgd! :O)
Dette fatet syntes eg var litt søtt, og sidan Lilly er fødd i Bergen er det ein fin liten "suvernir" :O) Eigentleg skal det nok hengje på veggen, men her i huset kjem det til å bli brukt til å ha brødskiver på.
31.8.09
Kanskje du veit?
...litt om dette serviset? Som kva det heiter og kor gamalt det er? Det er stempla Egersund.
Eg veit at det er eit tradisjonelt gamalt mønster, men har faktisk sett det i nyproduksjon og.
Lurar og på om nokon veit om det finst koppar til? Då eg fekk tallerknane følgde det og nokre suppetallerknar med. Av den grunn kan det verke som om dei skal være middagstallerknar, og då fins det nok ikkje koppar til. Men eg syntes dei er litt små til å vere middagstallerknar....
Eg blir veldig glad om nokon kan svara meg :O)
Eg prøver meg på nokre små farge endringar her på bloggen, men kjenner eg meg sjølv rett, endar eg vel opp med slik det var i utgangspunktet ;O) Eg er blitt så glad i raudt og lyseblått, men samstundes er ikkje dei fargane heilt "meg"...
Oppdatering: Planen min om å gjere bloggen meir fargerik må vel kunne seiast å ha mislykkast... Jaja, kanskje ein annan dag :O) Eg er open for meiningar om kva de syntes er finast, grått eller brunt?
31.7.09
Nye, gamle ting
Dei siste dagan har eg fått meg nokre nye skattar. Det byrja i går med ein tur til Fretex. Me skulle levere nokre sekkar med klede....noko går inn og noko går ut. Dette hadde eg med meg ut att:

Fire små søte skåler i emalje (litt usikker på om det er det det kallast),

og ein linkjole frå Noa Noa.
No i helga har me ein brukt -og antikk "butikk" som næraste nabo, det er nemleg sommar festival her me bur. Med meg heim derifrå hadde eg...

...to slike tallerkar. Eg hadde fire frå før, så no er samlinga komplett.

Og eg måtte (?) berre ha dette fatet. Eg har aldri sett eit så gult fat før! Ein herleg og litt voldsom farge :O)
Fire små søte skåler i emalje (litt usikker på om det er det det kallast),
og ein linkjole frå Noa Noa.
No i helga har me ein brukt -og antikk "butikk" som næraste nabo, det er nemleg sommar festival her me bur. Med meg heim derifrå hadde eg...
...to slike tallerkar. Eg hadde fire frå før, så no er samlinga komplett.
Og eg måtte (?) berre ha dette fatet. Eg har aldri sett eit så gult fat før! Ein herleg og litt voldsom farge :O)
Håpar du får ei flott helg!
Og at sola skin like gult som fatet mitt ;O)
21.6.09
Stolane er på plass
Abonner på:
Innlegg (Atom)










