Denne strikkejakka kom min skjønne bestefar ned med her om dagen. I god tru om at min kjære kanskje ville ha den. Eg klarte ikkje å skjule smilet, såg for meg S rusle rundt med denne på ungdomsskulen. Men eg redda min kjære raskt ut av situasjonen med å sei at eg gjerne ville ha den. Litt usikker på kor mykje den kjem til å bli brukt, men fin er den. Det at den er strikka til bestefar min av ho som eigde huset før oss, gir den ekstra verdi. Og som ein bonus er det kjempefint arbeid, ser ut som det er strikka på maskin. Eit aldri så lite kunstverk spør du meg.
Håpar du har ein god onsdag.

4 kommentarer:
Vakkert mønster, og fine klare fargar. Tenk at den har halde seg så lenge! Det kallar eg kvalitet :)
Håpar onsdagen din er finfin!
Klem Cam
Å, så nydelig! Og den ser jo ikke brukt ut i det hele tatt! Om du ikke bruker den, så kan den jo bare henge over en stol :) til pynt!
alt godt!
klem
veldig fin...en liten skatt faktisk.
Hehe, eg tippe at dåkkas peparkakehus e VEL så flott:) Enige i at detta må bli ein tradisjon ja! Eg stemme for ferigt lagte hus neste år, sånt at det e barra te å pynta:) Og nå kan jo mennene våre kunsten, så det e barra te å setta di i gong;)
Legg inn en kommentar