Viser innlegg med etiketten Om meg sjølv.... Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Om meg sjølv.... Vis alle innlegg

9.5.11

kjærleik-love-liebe-amor

























I dag er vår dag.

Tenk, i heile 9 år har eg fått vore kjærasten til denne flotte mannen! Kjenner meg berre så heldig, makan til snill mann skal du leite lenge etter ;O)

Kjærligheten
utholder alt
tror alt

tåler alt
håper alt
-Bibelen

16.2.11

stylish with a cherry on top


























H
eldige meg har fått heile to awardar den siste tida! Stylish blogger award frå Gunila og Cherry on top award frå Supersnella. Tusen takk!! Det er så kjekt å få slike fine tilbakemeldingar.


Som kjent, føl det ofte med utfordringar til slike awardar. Håpar det er greit at eg gjer min eigen vri ;O)

Først, 3 ting om meg:

1 likar det som er ekte, både mennesker og ting
2 skulle ønske eg klarte å leve etter pure style tankegangen
3 har solgt bokhylla vår utan å ha nokon plan for kva me skal erstatte den med....

Så 10 bloggar som inspirerer meg:

Prydelig
moa og kaffekoppen
mi-rachel
noralill
dottie angel
FRYD+DESIGN
Dronning Maud
Fjeldborg
Cherry Blossom
Helt enkelt


Veit mange har fått awardane før, så eg lar det stå litt ope. Men berre så dykk veit det:
dykk er både stylish og the cherry on top for meg! :O)


Og takk igjen til dei fine jentene eg fekk awardane sjå!

30.1.11

fargar & award

























Merkar at behovet for  fargar byrjar å gjere seg gjeldande....

Nye koppar,
blomar og
bruktfunn fat

lyser opp på kjøkenet vårt for tida.

.................................................................











H
eldige
meg har fått ein award frå mi fine og kjekke venninne, Judith ;O)

Ein valfri utfordring fulgte med, og den tar eg.

Ta opp næraste bok og slå opp på s. 18. Leit fram til linje 4, kva står det der?
Næraste bok i dag var Det nye testamentet, og her står: ordet oppfylles som er talt gjennom profeten Jesaja:

Kva var det siste du såg på TV?
Barnas super show på NRK

Bortsett frå datamaskinen, kva høyrer du no?
Karsten som søv

Kva tid var du sist ute, og kva gjorde du då?
Var på møte og på besøk sjå Judith saman med kjekke jenter i går kveld.

Kva har du på deg no?
Strikkejakke, tights og ullsokkar

Kva for ein film såg du sist?
"An education", veldig god!

Kunne du tenkje deg å flytte til utlandet?
Tja...kanskje for ein liten periode, men ikkje no.

Awarden vil eg gi vidare til:
(utfordringa er valfri ;O)

De små ting
Litt av mitt
Misarella


Litt unyttig info her frå meg denne sundagsføremiddagen :O)

Håpar du har ein fin dag i vente!

22.7.10

blomar & lin

love
love
love

4 år som mann og kone

I feel lucky!

19.7.10

bildedagbok

Eg tenkte på det for ei stund sidan, og no har byrja eg å tenkje på det att. Å publisere eit bilete kvar dag i eit år. Eg syntes eigentleg at det er litt skremmande, kvar dag, i eit år! Men etter litt grubling kom eg fram til at det er jo ingen som arresterar meg om det går ein dag eller to utan. Og det må vel vere lov å lage litt reglar sjølv, som at eg kan bruke eit bilete som nødvendigvis ikkje er teken akkurat same dag. Eg har hvertfall lyst til å prøve no som det er ferie, kva som skjer når jobb og kvardag kjem over meg, vil tida vise.

Bilete tar eg stort sett kvar dag, så kvifor ikkje bruke dei som ei form for dagbok. Ein utfordring blir å ta og publisere bilete sjølv om det ikkje er heilt slikt lys som eg føretrekk, krav må senkast...

Men ein utfordring har me alle godt av,
kanskje du heng deg på? :O)

Eg kjem til å leggje bileta ut på flickr. Du finn dei ved å klikke på linken til høgre.

16.6.10

skal eg fortelje deg noko?




...i byrjinga av november skal det kome ein liten broremann til Lilly.

Me ser med glede og spenning fram til det som ligg føre oss :O)

22.4.10

still here














Plutseleg er det fleire veker sidan forrige innlegg! Kva skjedde? Eg har fått erfare at det er travelt å vere fulltidsarbeidande småbarnsmor, så når kvelden kjem har det rett og slett vore tomt for energi den siste tida. Satsar på at det blir litt rolegare framover, og at dei lyse kveldane set inspirasjonen i sving :O)

5.2.10

dele glede

Desse tulipanane vil eg gi til Fro, DUNNISMoR og Dronning Maud.
Dei har nemleg alle gitt meg Kreativ blogger awarden, og det set eg veldig stor pris på!

Me gir alle litt av oss sjølv når me bloggar, og då syntes ihvertfall eg at det gjer veldig godt når nokon viser at dei set pris på meg og bloggen min.

Det følgde ei utfordring med awarden, og eg må innrømmet at eg hadde tenkt å snike meg unna den, men sidan eg har fått den av tre stykker så får eg heller gjere det ;O)

Her kjem sju ting om meg:

- eg er kristen
- lærar
- øver meg på å sjå det gode i dei små tinga kvar dag
- har fått ein ny hobby det siste halve året, nemleg fotografering. "Stian, eg må berre ta nokre bilete no, det er så fint lys. Kan du byrje på middagen?"
- eg kunne godt tenkt meg å vore "husmor" på heiltid i nokre år
- favorittårstidene mine er vår og haust
- litt sjokolade og nøtter reddar alltid kvelden

Det er mange bloggar eg set veldig stor pris på, og i kveld ønsker eg å gi tre av dei litt ekstra oppmerksomhet.


Syntes dykk er nokre fine jenter, og gler meg alltid til å kikke innom bloggane dykkar. Sjå på dette som ein liten hyllest, og skriv sju ting om dykk sjølv om dykk føler for det.


God helg!

4.10.09

Takknemleg...



- for gode venninner

- for familien min

- for alt det fine eg fekk til bursdagen min

- og for alle dei fine helsingane eg har fått her på bloggen


3.10.09

My day...

Foto: weheartit

min dag

masse kaker og god mat
familie
jenteparty


ein god dag

27.8.09

Litt om meg...

Bilete eg likar frå Abbtrysagain



Eg har fått ei utfordring frå Duften av Erteblomster, nemleg å sei ti ting om meg sjølv. Og det var faktisk ei utfordring, det er ikkje så ofte ein sit og tenkjer slik om seg sjølv. Her er litt om meg:



akkurat no høyrer eg på Norah Jones

eg møtte mannen i mitt liv då eg var 17 år

eg drøymer om å få mitt eige drivhus


eg har vanskeleg for å sei kva som er favorittboka mi, men Saman er ein mindre aleine, Bienes hemmelige liv og Drageløparen har alle gitt meg gode leseopplevingar. No skal eg byrje på Den rettferdige av Helene Uri

når eg høyrer reggaemusikk eller songar som er reggaeinspirert (f. eks sommarsongen min, I'm yours av Jason Mraz) blir eg glad og får lyst til å dansa

ifølge S er eg ein livsnytar...

dersom me hadde levd i ei verd der ein ikkje trong tena pengar, ville eg hatt ein liten "butikk". I ein krok skulle ein kunne sitje og nyte kaffi/te og sjokoladekake med gode vener, i ein annan krok skulle det vere store mengder stoff, garn og anna materiale eg kunne lagd ting av

eg vel å tru at mørk sjokolade og valnøtter er sunt og kan nytast sjølv om ein ikkje skal eta snop på vekedagar....

eg har vore i Kenya og Uganda

eg blir veldig fort rørd, spesielt om det har med born eller kjærleik å gjere



No har eg delt litt om meg, og eg vel å sende utfordringa vidare til fem bloggerar. Det er heilt frivillig og heilt forståeleg om de lar vera :O)