19.7.10

bildedagbok

Eg tenkte på det for ei stund sidan, og no har byrja eg å tenkje på det att. Å publisere eit bilete kvar dag i eit år. Eg syntes eigentleg at det er litt skremmande, kvar dag, i eit år! Men etter litt grubling kom eg fram til at det er jo ingen som arresterar meg om det går ein dag eller to utan. Og det må vel vere lov å lage litt reglar sjølv, som at eg kan bruke eit bilete som nødvendigvis ikkje er teken akkurat same dag. Eg har hvertfall lyst til å prøve no som det er ferie, kva som skjer når jobb og kvardag kjem over meg, vil tida vise.

Bilete tar eg stort sett kvar dag, så kvifor ikkje bruke dei som ei form for dagbok. Ein utfordring blir å ta og publisere bilete sjølv om det ikkje er heilt slikt lys som eg føretrekk, krav må senkast...

Men ein utfordring har me alle godt av,
kanskje du heng deg på? :O)

Eg kjem til å leggje bileta ut på flickr. Du finn dei ved å klikke på linken til høgre.

4 kommentarer:

Sang Tao - Judith sa...

Åy, spennande!!
Men du ska legga di ut på flickr då og ikkje bloggen?

Haust sa...

Så kjekt! Eg er over halvvegs i runde 2 med 365 bilete, og sjølv om det er dagar eg ikkje er det spor inspirert, synest eg absolutt det er verd innsatsen! :)

Gler meg til å fylgje prosjektet ditt!

Cherry Blossom Blog sa...

Så spennende!
Gleder meg til å følge deg der og!
Jeg elsker bilder fra hverdagen!

Fortsatt fiiin sommer til deg og dine!
Klem fra meg

Allis i Eventyrland sa...

Så fine bilder, skikkelig sommerfeeling :)