Viser innlegg med etiketten To wear. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten To wear. Vis alle innlegg

25.11.10

personleg




Eit smykke som "passar" berre til meg.
Har vore på ønskelista lenge.
Kjenner meg heldig.
For det fine smykket,
og for dei to små eg har.

21.12.09

nokre gonger...





















...er det greit å bryte "reglane"



S
om når den snille mannen min

kjøper denne gode jakka til meg i adventsgåve.

Her har det vore minusgrader fleire dagar på rad,
og snøen ser ut til å liggje godt.

Kanskje me får kvit jul....


19.11.09

everydayglory
















































Etter å ha sett på desse gule øyredobbane mange gonger, bestemde eg meg for å leggje dei i "handlekorga". "Black velvet" ringen fekk og bli med. Trur den blir fin å bruke no når julehøgtida nærmar seg og finkjolen skal fram.

Everydayglory har veldig mykje fint.
Eg vil anbefala ein tur innom etsybutikken deira.



12.11.09

pynte seg...



Me går snart inn i ei tid kor me pyntar oss litt oftare enn vanleg. Eit nydeleg smykke er ofte alt som skal til for at ein skal føle seg litt meir pynta og fin. Monsoon Accessorize har maaange fine smykke, sjå berre her.


24.10.09

Ellis Corner

...nettbutikken som hadde akkurat det eg leita etter.


sommarfuglkort
(ramma er ein av svært få svarte ting her i huset...)

"blomsterplansje"kort
(dette kjem eg nok til å ta fram att til våren)

og "Madicken kjole"


Når det gjeld kjolen, så ligg det ein liten historie bak. Me planlegg ein tur til fotograf med Lilly i nærmaste framtid, og då blir det til at mor tenkjer ein del på kva prinsessa skal ha på seg. No bør det eigentleg ikkje vera ein så stor sak, for eg vil at ho skal ha på seg ein heilt enkel "kvardags"kjole. Men når ein ikkje har ein slik kjole, då blir det ein sak å klare å skaffe det.


Eg har tenkt på ein "Madicken kjole. Litt gammaldags, heilt enkel og kvit. Når eg då finn ein kjole som blir skildra slik: Söt ljuvlig rosa- och vitrandig förklädesklänning Åsa som andas Astrid Lindgrens Ida och Madicken och början 1900-tal. Då er eg solgt. Det vil sei, kjolen er solgt. Sjølv om den er i storleik 4-6 år....Lilly er snart 1, 5.....


Eg tenkte eg kunne sy den litt til.... Når eg fekk kjolen forstod eg at det blei litt omfattande. Eg vil jo ikkje "øydeleggje" den med å klippe i den. Ny plan: strikke ein kjole. No har eg dårleg erfaring med å strikke kjolar (tar for laaaang tid!), men eg skal gjere eit nytt forsøk. Det betyr, mindre blogging og meir strikking....




God laurdag!
Her skal det strikkast...



20.10.09

Eit lilla innlegg


Om du spør vår litle tulle kva ho heiter, er svaret:
"Lilla"


Og her er bilete av nokre skjønne lilla ting eg fekk til bursdagen
...og eit armbåd.





15.10.09

Eg har vore heldig



Eg har vore så heldig og vunne ein giveaway på den fine bloggen Hjem og Lykke. Me var tre heldige som fekk nydelege overraskingar i anledning at bloggen til Jannicke runda 100 000 lesarar. Snakk om å ha lukkast i blogglandia!


Eg vil oppmoda alle til å ta ein kikk innom

Tusen takk for det nydelege smykket, Jannicke.

Det fall absolutt i smak :O)


8.10.09

Skattkammer



Dette fine smykkeskrinet
fekk eg av nokre gode venninner til bursdagen min.

Eigentleg ganske lurt med glasvegger,
så slepp smykkene å liggje gøymt.

No får dei vise seg fram heile tida.




5.10.09

Pink collection


Denne kjolen frå Pink Collection sjå Lindex har blitt min. Den er designa av Emma Wiklund, og best av alt, 10 % av prisen går til brystkreftforskning.


Kjolen er like fin med jeans og støvletter som med strømpebukse og finsko. Gler meg til å bruke den! :O)

15.9.09

Vintage




Eg gler meg til å pynte meg med
sommarfuglbrosje og
hjertesmykke....



Desse fine skattane kom eg over på finn.no. Eg var nok litt heldig, for etter at eg hadde sendt mail om at eg ville kjøpe dei, hadde selgar fått tre andre forespørslar óg. Når det gjeld fine, gamle ting må en vere tidleg ute, og ha ein porsjon flaks. Den erfaringa fekk eg då me var på loppemarknad. Men denne gongen var eg altså heldig! :O)


24.8.09

Lovely for my love



Då me var i Spania i sommar oppdaga eg eit nytt klesmerke for born, Obaibi. Dei hadde mykje fint til små prinsar og prinsesser.

Noko av det eg likar best med det me kjøpte, er stoffa. Herlege motiv. På dongerijakka synest eg at det er foret som gjer den fin.


Detaljar
gjer mykje med eit plagg. Kanskje alt....


22.8.09

Blonder



Eg er berre så glad i blonder! Merkar at den fasen ikkje er over enno, kanskje det ikkje er ein fase... Denne kjolen minnar meg om brudekjolen min. Den var og i silkestoff med blondestoff over.

Litt tidleg å kjøpe kjole med tanke på jul og nyttår no i august? Kanskje det, men når dei berre har ein igjen, den er i din storleik og du får 70% rabatt, då synest eg det må vere greit ;O)