24.10.09

Ellis Corner

...nettbutikken som hadde akkurat det eg leita etter.


sommarfuglkort
(ramma er ein av svært få svarte ting her i huset...)

"blomsterplansje"kort
(dette kjem eg nok til å ta fram att til våren)

og "Madicken kjole"


Når det gjeld kjolen, så ligg det ein liten historie bak. Me planlegg ein tur til fotograf med Lilly i nærmaste framtid, og då blir det til at mor tenkjer ein del på kva prinsessa skal ha på seg. No bør det eigentleg ikkje vera ein så stor sak, for eg vil at ho skal ha på seg ein heilt enkel "kvardags"kjole. Men når ein ikkje har ein slik kjole, då blir det ein sak å klare å skaffe det.


Eg har tenkt på ein "Madicken kjole. Litt gammaldags, heilt enkel og kvit. Når eg då finn ein kjole som blir skildra slik: Söt ljuvlig rosa- och vitrandig förklädesklänning Åsa som andas Astrid Lindgrens Ida och Madicken och början 1900-tal. Då er eg solgt. Det vil sei, kjolen er solgt. Sjølv om den er i storleik 4-6 år....Lilly er snart 1, 5.....


Eg tenkte eg kunne sy den litt til.... Når eg fekk kjolen forstod eg at det blei litt omfattande. Eg vil jo ikkje "øydeleggje" den med å klippe i den. Ny plan: strikke ein kjole. No har eg dårleg erfaring med å strikke kjolar (tar for laaaang tid!), men eg skal gjere eit nytt forsøk. Det betyr, mindre blogging og meir strikking....




God laurdag!
Her skal det strikkast...



4 kommentarer:

Jannicke sa...

Ellis Corner er en flott nettbutikk ;o)
Så fin kjole!! Kjekt så lenge barna er små og man kan kle de i sukkersøte kjoler :o)
Min "lille" jente er 15 år - og jeg kan love deg at det ikke er så sukkersøtt lenger det hun går i :o) hihi.
God lørdag!
Ps : Syntes Lilly navnet er så nydelig! Min kusine valgte det samme til sin datter (hun er litt over 2 år).
Klem J.

Camilla Jørgine sa...

Fine ting og nydeleg kjole. Ho kan glede seg til ho er stor nok til å gå med den!
Eg er imponert over at du skal strikke kjole, lykke til og det anar meg at den vil bli flott å sjå til!

God helg!

Klem Cam

Hem och Lycka sa...

Hej, å vad fint du skrivit om klänningen och om de andra produkterna, jättefina kort! Lilly kommer bli jättefin i klänningen. Tack för söta rader i bloggen och ditt fina mail. Du har en mycket fin blogg!

kram Mia

Fru Fly * Heidi sa...

Takk for tips om den fantastiske nttbutikken, der må jeg se mer. Utrolig mye fint! Helt enig med deg ang. "Madicken -stilen", helt nydelig! Synd kjolen var så altfor stor og vanskelig å sy inn, men du lager nok noe like fint- helt sikkert!♥ God helg til deg og dine! Klem