13.12.10

julebakst





Denne helga er det pepperkakebaking som har stått på programmet. På laurdag baka me figurar heime, og på sundag var me saman med gode venner og laga papperkakehus. Eg må innrømme at det er første gong eg er med og lagar det heilt frå bunnen av, men du kor kjekt! Dette skal bli ein ny tradisjon. Og me har allereie store planar om kva for byggverk me skal lage om ti år, då reknar me nemleg med at me har blitt meget dyktige ;O) Når ein samlast på den måten tenker ein "det blir kjekt for ungane", men ungane dei er mest opptekne av å leke (og ete non stop), så det er me vaksne som bakar og pyntar. Men det er faktisk heilt greit ;O) Huset vårt er det min kjære som har stått for mest heilt aleine, frøkna vår ville som sagt helst berre leike, og litlebror krevde at eg var tilgjengeleg for mating. Har han ikkje vore flink!?

Som de ser av det siste bilete, har me og andre kaker i hus. I veka laga eg biscotti med mandlar, pistasjenøtter og mandlelikør. Desse er helst for dei vaksne, men kaka som har slått best an blant både store og små, er sandkaker/potetmelstoppar. Julekaka som eg alltid har tenkt er tørr og kjedeleg. No ligg det ei einsam att i krukka. Vurderer å lage ein ny porsjon.... :O)

Fin måndag til alle som kikkar innom!

9 kommentarer:

Gerd Katrin sa...

Koseligt :)

mi-rachel sa...

ååå..julestemning!

FlorasFrue sa...

Så flotte bilder - jeg fikk skikkelig julestemning :)
Biscotti er blitt en julefavoritt her - sjokoladebiscotti med pistasjnøtter. Spesielt fint at guttene ikke er glad i det, så det kan vare lenge :0)

Ha en fin uke!
kjersti

Jannicke sa...

..du tar de vakreste bilder!! Klem J.

Sang Tao - Judith sa...

Kjempeflott hus joman:) E det sjokoladepipa eg ser? ;)

Haust sa...

Nam! :)

Likte så godt biletet med norgesglasa og den fine lysestakegrisen! Mmm...

Dronning Maud sa...

Ja dette var julestemning:)

Sang Tao - Judith sa...

P.S. Meld deg på med nogen pepperkakebilder på fotomorro:)

http://fotomorro.blogspot.com/

Camilla Jørgine sa...

Kjære, Linn!
Ingar kom det et nydeleg, koseleg julekort i posten! Tusen takk :)
Fine bilder og "fristande" som alltid!
Klemmar Cam