17.12.10

peppermyntekuler







































I
går laga eg julesnop som verkeleg vekka barndomsminner. Plutseleg var eg attende på kjøkenet til ei av mamma sine venninner og trilla små kvite snøballer i sjokolade og kokos. Hugsar du mamma?

Tenkte eg ville dele oppskrifta med dykk.

300 g melis
1 eggekvite
ca 15 dråpar peppermynteolje (fås kjøpt på apotek)

100 g sjokolade
kokosmasse

Ha melis i ei skål og drypp peppermynteolje oppi. Her er det lurt å vere litt forsiktig, og heller ta i meir etterpå. Dette seier eg av erfaring ;O) Eg blei litt vel ivrig, så me har nokre sterke oppfriskarar... Pisk eggekvita lett med ein gaffel og ha den i melisblandinga. Kna deigen godt saman og trill små snøballar. La kulene stå til dei har tørka, har blitt harde.

Smelt sjokoladen i vannbad. Dypp kulene først i sjokolade, og så i kokos. Sett dei på ei bakepapirkledd plate, og avkjøl dei i kjøleskapt.

No har du julesnop som er litt oppfriskande etter mektige julemiddagar og søte kaker.

Ønsker alle ei helg med gode opplevingar.
(Berre ei veke att til julaften!)

8 kommentarer:

Jannicke sa...

åå, disse så kjempegode ut! Jeg noterer oppskrift, og håper å få tid til å lage før jul! Takk for inspirasjon :o)
Klem J.

Love Peace Pionies sa...

mmm.de såg så gode ut!!!
de burde jeg absolutt prøvd meg på!!
god helg
klem

Camilla Jørgine sa...

Å, det såg herleg ut! Desse vil eg prøve :)

Her blir helga roleg, og kanskje ein "harrytur" til Svinesund i morgon. Ellers er det godt å slappe av og berre ta det med ro. Kjenner at kroppen gjerne trivs betre andre stader enn på kjøpesenter for tida...

Ønsker deg og dine ei finfin helg, og no heng bilete av dine søte små på kjøleskapet her hos oss!

Klemmar Cam

victoria (huset i byen) sa...

Hmmm dette så godt ut, takk som deler for dette må prøves bare formen blir bedre ;) ha en super helg
klem victoria

Sang Tao - Judith sa...

Mmmm, snadder...

Då har eg noge å gjera i dag og;) Takk for oppskrift!

Jenny - supersnella sa...

å.. det så nydelig ut! Takk for oppskrift! Tror jammen jeg skal prøve meg på slike i jula :) Må bare få tak i peppermynteolje!

Ønsker deg en god siste helg i advent. Tenk det er snart jul! Herlig :)

klem

Gerd Katrin sa...

deiligt :)

Forslag: Julelunsj den 23? Alle tar med litt mat kvar?

Dronning Maud sa...

Eg har latt meg inspirera og laga disse:)Takk for godt tips:)