31.8.09

Kanskje du veit?


...litt om dette serviset? Som kva det heiter og kor gamalt det er? Det er stempla Egersund.

Eg veit at det er eit tradisjonelt gamalt mønster, men har faktisk sett det i nyproduksjon og.

Lurar og på om nokon veit om det finst koppar til? Då eg fekk tallerknane følgde det og nokre suppetallerknar med. Av den grunn kan det verke som om dei skal være middagstallerknar, og då fins det nok ikkje koppar til. Men eg syntes dei er litt små til å vere middagstallerknar....



Eg blir veldig glad om nokon kan svara meg :O)




Eg prøver meg på nokre små farge endringar her på bloggen, men kjenner eg meg sjølv rett, endar eg vel opp med slik det var i utgangspunktet ;O) Eg er blitt så glad i raudt og lyseblått, men samstundes er ikkje dei fargane heilt "meg"...

Oppdatering: Planen min om å gjere bloggen meir fargerik må vel kunne seiast å ha mislykkast... Jaja, kanskje ein annan dag :O) Eg er open for meiningar om kva de syntes er finast, grått eller brunt?


4 kommentarer:

Camilla Jørgine sa...

Eg likar bloggen din uansett! Har prøvd på forandring og fargar eg òg, men eg klarar liksom ikkje heilt finne meg til rette med det eg har enda opp med...Så då blir det tilbake til gammal layout, til noko nytt og betre dukkar opp...?

Det serviset der liknar veldig på eitt som mormor og morfar har, men det er berre middagstallerknar og suppetallerknar. Og ja, middagstallerkane kjennes litt små, hvertfall samanlikna med det som er "standard" i dag...Fine er dei uansett! Men noko hjelp ang meir faktakunnskap, det har eg ikkje :)

Jannicke sa...

Et veldig fint fat, men dessverre ikke hjelpe...
Takk for kjempefin hilsen til meg :o).
Skulle ønske jeg kunne si at kransen var hjemmelaget, men fant en til gi-vekk-pris, da ble fristelsen stor til å kjøpe en som var ferdig :o)

Ha en fin tirsdag!
J ;o)

Smilla sa...

Bloggen er veldig fin sånn som den er den! ...og jeg er sikker på at den blir fin om du finner på noe nytt også :o)

Kan desverre ikke hjelpe deg med det fatet, men jeg likte det veldig godt!

olem sa...

Trur di selge det serviset på trålbøteriet, merket er nok Egersund - men akkorat dette serviset trur eg hette Torskemiddag! Det e defintivt et av mine favorittservis. Hehehe...alltid hyggeligt å kunna hjelpa! Barra spør meg neste gong du lura på noge som har med antikviteter og såret å gjera.