10.6.09

Inspirasjonsperm

Eg har ein perm.

Det byrja med strikke og hekle oppskrifter, fortsette med sømoppskrifter og enda i eit rot i hop av utklipp frå aviser og blader. Lenge har eg tenkt at eg burde få litt system i det rotet. Det blir ikkje til at eg ser på alle utklippa når dei berre ligg slengt inn i permen (og på hylla der permen står)… Så i dag tok eg tak i problemt! Gjekk på bokhandelen, kjøpte 10 stk. plastlommer, fann fram ein perm eg hadde liggjande, og vips: system!

Den opprinnelege hobbypermen har behalde sitt virke, og den nye permen er min inspirasjonsperm. Den er inndelt i: interiør, hus (i tilfelle me skal byggje ein gong, er det greit å ha ei samling over kva eg syntes er fint) kake/dessertoppskrifter, matoppskrifter, hage/blomar, ordtak og liknande, reise og til slutt ein diverselomme. Fleire kategoriar kjem sikkert til underveis.

No har eg to permar, og eg merkar allereie; eg er veldig glad i inspirasjonspermen min :O)