9.6.09

I tusen knas...

Det byrja for eit par veker sidan. Stian tok ut av oppvaskemaskinenen, to suppetallerkener stod litt oppå kvarandre, idet han tar dei frå kvarandre kakkar den eine skåla borti den andre. Det blei to gode hakk i begge skålene.

Forrige veke var Lilly ute på krypetur borte med sofaen, mamma stod borte med vasken. Korga med strikketøy og liknande var fjerna, det same var pc'en som litt tidlegare hadde lege nedanfor stovebordet. Området var sikra. Trudde eg. KNUS! Sjølvsagt drar Lilly i ein ledning som heng oppetter veggen og leder til ein lampe i glas. Kvar og ein som hadde vore på oppdagingsferd på golvet i stova vår hadde gjort det.

Så i dag, då var det min tur. Eg har akkurat sett ei kake i omnen og held på å rydde vekk middagsoppvasken slik at eg kan byrje på kakeoppvasken. Eg tar ei mugge med meg bort til skapet, opnar skapdøra og KABANG, eller KNUS (eller kva lyd det nå lagar)! Det kvite, runde fatet med "blonde"kant som står lent opp bak glassskåla med stett (begge bryllupsgåver) glir ned og skubber skåla ut av hylla. På vegen ned treff skåla mugga eg held i handa. Fatet står med ei uskyldig mine på kanten av hylla med manglande kant...skåla ligg i tusen knas på golvet, og mugga slapp unna med ein liten del av kanten i manko.

Husfrua er oppgitt....

......eg klarte ihvertfall å hugse kaka som stod i omnen midt oppi alt styret.



6 kommentarer:

Anonym sa...

Eg ser det føre meg.
Liksom noge kjendt me dette. He,he.
Me har vurdert å gå øve t kun plast å papp me nå. Dette glas å krustall greiene tåle jo ingen ting.
Hadde me komt på det litt før så hadde folk spart masse penger når de sko handla presangar t oss. Det hadde jo ikkje vore feil det i desse nedgangstidene!
Roger.

Familien Hegglid sa...

åh... alltid kjedelig når sånt skjer..

eg har lenge tenkt å gjemme tallerker og fat som me fekk te bryllup og innvistere i billig-heilt-greit-å-knuse-servise! Ikea- here i come! :)

Sang Tao - Judith sa...

Ehhh, ka meine du egentligt Roger..? Seie du at EG knuse ting elle..?
Nei, kjipt det der altså... Lurt med IKEA Berthe. Trur nok me og bør gjer det vist me vil beholda NOGE av det me fekk te bryllupet..;)

totliii sa...

ska kje vara lett linn!!

har dokke knust mesten alt allerede da, judith å roger? :P

Sang Tao - Judith sa...

Nei, ikkje alt, men har ødelagt nogen lysastakar og ein vase for eksempel...:/

olem sa...

E såret så skjer dette jo. Ting ska brokast meina nå eg...kan kje la vara å fiska med den beste sluken for atte du e redde for å mysta an (eg broka ein samenligning så gutar o forstår). Det mesta her i livet e forbroksartiklar, sjøl om nogen i utgangspunktet helle litt lengre enn andre....