12.5.09

Jentetur til Trondheim

For ei helg! Kos, avslapping, shopping og supre venninner. Det var veldig kjekt å oppleve Trondheim by, men minst like kjekt var det å berre vere saman over så mange dagar. Bileta får tala for seg sjølv:





Dagen før me kom hadde Stoff og Stil opna i Trondheim,, denne serverdigheten var sjølvsagt high priority! Me var der inne i minst ein time, så mykje å sjå og kjenne på. For det blei mest det på dei fleste av oss. Det var Gerd Katrin som gjorde den største handelen, ho skal nemleg lage seg eit lappeteppe. Gler meg til å sjå resultatet!! Eg handla litt forskjellige nødvendigheiter, og heilt sikkert nokre unødvendigheiter. Som for eksempel strikkepinnar som er 15 mm!!! Lurer på kva eg skal lage med dei.... Kanskje putetrekk til vinteren...





I byen fann me ein nydeleg (og veldig dyr!) butikk. Alle hadde vel planar om å kjøpe Green Gate, men det blei ikkje ei einaste skål på nokon av oss. Eg enda opp med nokre småting, blant anna knottar til skuffene på skapet eg har måla. Og ein knagg, eg likar knaggar.





Det er litt fasinerande når ein går fire jenter og shoppar i lag. Som for eksempel når to av oss står og beundrar ein kjole, og den tredje kjem frå prøverommet med akkurat den kjolen. Judith blei den heldige eigaren av ein nydeleg kjole frå Zara. Eg kjøpte ein blomstrete sommarkjole på Indiska. Eg trur og eg har sett personleg rekord på kor lenge eg har vore inne i ein butikk... :O)




Takk for ein super tur, girls!
(eg gler meg allereie til neste års tur ;O))

3 kommentarer:

Sang Tao - Judith sa...

It was a very snadder tur:) Mången fine bilder du har tatt! Jaffal det av meg...
Snakkes vel seinare?

Gerd Katrin sa...

Me e så heldige, så har så gode venninner:)

Espen og Nina sa...

Tusen takk for ei super koselig helg!!