7.9.09

Bergen



Frå laurdag til sundag var me ein snartur i Bergen. Søskenbarnet til Stian skulle nemleg konfirmerast. Me fekk nokre fine dagar saman med familie som me ikkje ser så ofte no etter at me flytta frå Bergen. Kost og losji av øverste klasse! ;O)

Då me kom fram på laurdagen fekk me tid til ein liten bytur. Litt rart å gå i gatene. Dei er liksom litt "våre" samstundes som dei ikkje er det. Bergen kjem nok alltid til å vera ein stad me vender attende til med gode minner.

Me fekk nokre timar saman med Fru Sørensen og mann, det var veldig kjekt! Dei store jentene fekk seg ein tur ut til Stoff og Stil, medan Lilly måtte vera med gutane på mimretur. Eg skulle kjøpe stoff å sy puter av, men enda opp med ferdigsydde puter. Poenget som forsvant.... Eg blei så overvelda av alle dei fina fargane og fargekombinasjonane at eg ikkje klarte å bestemma meg. Klokka nærma seg stengetid og eg var litt frustrert over "vingle Petteren" i meg, då kom eg over denne korga med ferdigsydde puter, tidlegare utstillingsputer. Eg er veldig nøgd med fargane, men eg skal "personalisere" dei litt. Bilete kjem nok når dei er ferdige :O)

Ei god helg er over, og ei ny veke ligg føre oss. Vekedagar er ikkje så verst dei heller, Grey på skjermen og hekletøy i fanget ;O)



God mandagskveld!

6 kommentarer:

Marte sa...

Tuusen takk for fine ord om jenta mi:))
Farmora strikka i rekordfart, har bestilt ny til neste høst;) - den var faktisk litt knapp, skulle kanskje valgt størrelsen større, men men..

Du er veldig flink å ta bilder, masse fine på bloggen din!!

Klem til deg fra meg!

Anonym sa...

heisann
så fin blogg du har
mange skjønne bilder
stemning!!!
ha en fin tirsdag!
ann-christin

Noralill sa...

Takk for hyggelege kommentarar hjå meg! Du har ein koseleg blogg med masse kjekt. Eg kjem nok innom att.

Ha ein fin fin dag!

Jannicke sa...

Så kjekt du hadde en fin helg i bergen! Sikkert ekstra kjekt å komme hit når dere er litt kjent fra før (du nevne dere hadde bodd en periode nær Sletten senter). Synd du gikk glipp av Berthas oldebarn, du får passe på å finne litt tid neste gang du er her.
Det blir kjekt å se putene du skal "fixe" litt på ;o)
Klem til deg. J.

GE sa...

Takk for besøket, alltid kjekt å være med dere! :)

MariMaja sa...

Koselig blogg du har;)
Konfirmerte meg i denne kirken;)
Ha en fin kveld videre;)