25.1.09

Standardisert språk

Etter mykje fram og tilbake (attende?) har eg endeleg bestemt meg, bloggen skal få ein ny språkdrakt. Eg tenkjer at det kanskje kan vera litt vanskeleg å lesa det eg skriv når teksta inneheld eit stort antal "d", "t" og liknande. Då eg endeleg bestemde meg, kom eit nytt val; bokmål eller nynorsk?

Heile barneskulen og ungdomsskulen skreiv eg nynorsk, men då eg byrja på videregåande vart det slutt, av den grunn er eg litt "rusten" kan du sei :O) Merkar at det tek meir tid og energi no når eg skriv. Og eg er jo lærar så eg er oppteken av at det eg skriv er rett (utan at det kan garanterast ;O) "A-verb eller e-verb, er dèt lov å skrive?" og liknande tankar opptek mykje hjernekapasitet, MEN dette er nok berre midlertidig, til eg kjem inn i det. Og det er jo ei kjempegod øving for meg, det er nemleg stor kjangs for at eg må skrive nynorsk når eg byrjar å jobbe til hausten.

Nå veit eg at mange har eit anstrengt forhold (hmm, kva er det nynorske ordet mon tru...) til nynorsk, dersom de som les tykkjer det blir heilt grusomt og de ikkje forstår nokon ting, får de sei frå. Eg veit ihvertfall om nokre som nok blir nøgde no, studievenninene mine i Bergen. De kan få i oppgåve å retta om det kjem nokre grove feil :O) Og så må det og verta sagt at det blir ein prøveperiode, dersom eg om nokre dagar ikkje orkar blogge meir av di eg må skrive nynorsk, skal eg revurdere språkendringa ;O)

2 kommentarer:

Sang Tao - Judith sa...

Nei, nei, her ska det ikkje klagast! Det får di tåla;)
Har fått litt sansen for nynorsk eg i det sista, så eg vurderte om eg sko skriva nynorsk på bloggen min sjøl. Men nå e det bokmål da, trenge trening der og eg..;) Norskleraren...
Eg syns jaffal det e kjekt å lesa nynorsk:) Så kan me heller skriva kommentarar på dialket..?;)

linn sa...

Ja, eg syns kommentarane godt kan vara på dialekt :O) Jaffal dei så vil.