26.2.09

Det går mot vår!

I dag fekk gjekk det opp for meg, det er snart vår! For fyrste gong på leeenge hadde eg kledd meg for godt då eg sko ut. Eg, Judith og Marita var ute og nøyt sola med ein lang spasertur. Herleg!


Eg går og myser litt på vekstene i bedet kvar dag. Er så spent på kva som kjem, eller eg veit jo at det er påskeliljer og krokkus, men det er spanande for det. Kanskje det kjem noko anna og? Det er jammen eit pluss med å bu i eit gamalt hus, hagen er veletablert og mykje ligg i jorda og ventar på våren. Og dette utan at eg har gjort noko arbeid, eg kan berre nyte synet når det blømer. Det kjem nok til å bli litt blomsterbilete utover våren. Dei gjer ihvertfall meg utruleg glad!



Det går mot vår, men det er ei stund igjen enno. Eg må alltid synge denne barneregla for meg sjølv: "Mars er heller ikkje mild, men det lysnar i april." ;O)

4 kommentarer:

Sang Tao - Judith sa...

Ja, e det ikkje herligt når det begynne å bli vår vel?! Nå kan me gå møkje tur å sleppa å tenka på fæle spinningtimar... Vops...der va eg visst inne på bloggen igjen ja...

Familien Hegglid sa...

åh... for noken flotte bilder!! får skikkelig vårstemning her borte i kalde og SNØFYLTE øst...

Må legga ut bilde av blomane når dei kommer opp da- venter i spenning!! Godt å kunne se våren på nett når en ikkje får sett an "live"(på ei stund hvertfall)!! :D

Gerd Katrin sa...

Så deiligt.. her har d snøa værre d sista døgnet, så d blir nok ski i helgå! På søndag komme Ingebjørg og Torstein opp til oss, så mandag - onsdag reise me på hyttetur!! SKa bli så godt å komma seg litt vekk.. :)

totliii sa...

jada. noge positivt kan d vara me atte d ikkje e snø så lenge om gongen på karmøyne... :P har fremdeles ein liten meter snø i hagen her. sukk...