16.4.09

New arrivals!

Dei siste dagane har eg med spenning venta på postbilen, og når postmannen har gjort jobben sin, har eg tatt Lilly under armen og sprunge for å sjå. Og i dag, endeleg! To hentelappar på ein gong! Kunne mest ha fått ein om gongen, berre for å delt gleda :O)

Pakke nummer ein inneheld noko mjukt, langt og stort, langt og tynt, noko hardt, strikk og papir. Den gir meg arbeid for mange månader framover (ihvertfall om eg ikkje skrur opp tempoet). Pakken kjem frå Stoff pg Stil.

Etter kvart som ting blir ferdige, kan eg visa dykk, MEN dykk må ha tolmod. Ting tar tid ;O) Det første prosjektet er å hekle ein vest til meg sjølv. No må eg berre skrive ferdig dette innlegget, så set eg i gang. Alltid like ivrig i byrjinga... :O)



Pakke nummer to er hard, og den var pakka inn i ei kjemepestor eske (som S måtte bere heim for meg). Oppi den store eska var det masse avispapir og ei mindre eske. I den minste eska var det noko eg har hatt lyst på lenge, ei lita tavle! Akkurat passe for små beskjedar. Eg handla den faktisk på nett, Boligfryd.no. Det er ein nettbutikk eg kan anbefala, god service og rask levering.


Som ein ekstra gave fekk eg med desse grønnsakshanskane, alltid kjekt med ei overrasking :O)

8 kommentarer:

Gerd Katrin sa...

Nydelige fargar på dei stoffene! Glede meg t resultatet:)
I dag har gk å hk tent bål å grilla pølser med sine trondheimsvenner som ikkje er frå trondheim. Etterpå var det lovsangs og bønnemøte i Salem No sitt eg å ventar på at rundstykka mine skal bli ferdig steikte, så skal eg ta meg ein kopp te og lese ut siste del av boka mi:)

Silje sa...

Så masse kjekke å nye ting du hadde fått deg da!!
Nydelige farger på stoffene, Flinke du e :)

Så stilige tavla.. Utrulig kjekke nettbutikk Boligfryd. Masse kjekke ting der inne som eg har lyst på :)

totliii sa...

hurra for pakke i posten seie barra eg! :)
kos deg me alt de kjekka nya. :)

Sang Tao - Judith sa...

Nice:) Glede meg te å sjå ferdigt produserte produkter av detta!
Nettbutikk e kjekt! men farligt...

Familien Hegglid sa...

Åh, d e alltid kjekt å få pakkar i posten! ;) Masse flott du har kjøpt deg, blir spennende å sjå ka du tryller ut av de nydelige stoffene der! :)

Gerd Katrin sa...

LINN!! Koss får du t å skifta på overskrifta på bloggen? Du må forklara meg d med teskjei altså..e kje så god på blogge ting! EG har lyst å ha litt krøll skrift, åsse få vekk dei klammene eg har der nå..

olem sa...

Kor får dokke tak i kritt t tavlå? E an Stian nødde for å stjela på jobb?

Stian sa...

Stjela frå jobb? Å det vil du ha meg te å innrømma på nett??
Nei, krittet kjøpe me på www.kritt.org! Denna vekå har di kjempetilbud på 5 kritt for 5 kroner.