Kommentarane då me hadde familien frå Bergen, og Andreas på besøk i dag, var at det smaka som den appelsinsjokoladen som ein får kjøpt no i påsken. Den som er forma som ei appelsin og deler seg når ein slår den i bordet. Så om du likar den, kan du jo teste denne kremen.
Påskekrem
100 gr Dronning sjokolade
125 gr margarin
4 ts pulverkaffe
2 ts vaniljesukker
5 dl melis
1 appelsin
Smelt sjokolade, margarin og kaffe.
Når blandingen er avkjøla blander du inn vaniljesukker og melis.
Vask appelsina godt, bruk ei fin rasp, og rasp den ytterste delen av skalet. (Ja,du skal ha litt av skalet oppi kremen:O)
Skjær appelsina i to og press ut safta frå ihvertfall den eine halvdelen, sjå an konsistensen på kremen.
Bre kremen over ei sjokoladekake i langpanne.
Nyt!
1 kommentar:
Du, sjekk dei nydelige påskaeggene her da: http://shabbychicsilvia.blogspot.com/
Nå ska me ut å gå tur:) Snakkes!
Legg inn en kommentar