Najonaldagen i fjor blei feira i morgonkåpe og med pizza... Me kom nemleg heim frå sjukehuset dagen før :O) Besteforeldra var så snille og kom til Bergen og feira/hjalp dei nyblivne foreldra. Litt av ei feiring! Men me såg faktisk eit tog som gjekk forbi stovevindauget... Me var verkeleg i vår eiga boble. Lilly fekk sin første tur ut i vogna denne dagen, saman med besteforeldra. Foreldra skulle få mulighet til å kvile seg litt. Kanskje ikkje så lurt å ta koffeintablettar (mot hovudverk) rett før ein legg seg... ;O)
Ut på tur i vogna for første gong. Alle kleda var for store, utanom lua til onkel Andreas :O)
I år feira me litt meir tradisjonelt. Me såg på, og gjekk i tog. Spiste middag sjå mor, noko som har blitt ein tradisjon medan me har budd i Bergen. Og S fekk kjupt seg kakestykke på skulen, det er obligatorisk! :O) I frå å ikkje feire i fjor, feira me ca. halve dagen dette året. Lilly blei veldig trøtt, men ville ikkje sove i vogna så då gjekk me, saman med Judith og Roger, heim til oss. Det var ein del vind og vart kaldt utover ettermiddagen derfor blei me berre heime. Neste år får me feire heile dagen! :O)
Stolt beste og Lilly i toget
hm...Lilly er tidleg ute på baby-sms fronten....
3 kommentarer:
Hørrtes kjekt ut :-)
Søndag blir litt travelt for oss. Me har slektstreff heila helgå.
Så koselig..
Så fort tida har gått at hu e 1 år allerede.
Ei nydeliga jenta dåkke har..
Hipp Hurra:)
Legg inn en kommentar