27.5.09

I dag kom dei!

Veggorda som eg har venta på ganske lenge no! Du hugsar kanskje at eg, for ei tid tilbake, vann ein tävling på bloggen til Josefine, Prinsessans dagbok. Og det eg vann, var eit gavekort verd 500kr. frå Vimsadekor.se. Heilt sidan Stian kom frå jobb(han hadde posten med seg), og fram til no har eg styra på og fått opp veggorda. Ikkje at det var vanskeleg å få dei opp, det var enkelt og greit, men eg brukar så lang tid på å bestemme meg. Skal eg ha det, eller det bilete?, Skal veggordet vere der, eller to centimeter høgare? Du forstår, sånn digidering tar tid! :O)

Først må eg berre vise nokre bilete av sjølve pakken og det som var oppi.





Sjå på dei frimerka da, snakk om svensk idyll! Også fekk eg med nokre søte drops som bekreftar at svenskar berre er søte og snille. Sjølve veggorda var fint pakka inn i blått silkepapir. Og eg fekk med ein liten maur som eg ikkje hadde bestilt.




Eg er veldig nøgd, og kan anbefala veggord :O)

Ps. Lilly har vore i litt betre form i dag, men ho har framleis litt feber. Håpar morgondagen blir feberfri...

2 kommentarer:

Sang Tao - Judith sa...

Å så fint!!! Kjempeflott:) Og flotte ord!

Familien Hegglid sa...

det var jo bare lekkert!! :) stilig altså!! :)