2.5.09

Lys, lysare...

I dag forsvann "vinteren" frå fjernsynsstova vår. Det lilla og svarte blei erstatta av kvitt og gammalrosa. I dag har eg, for fyrste gong, kjøpt eit golvteppe. Det var litt morosamt, då eg kikka meg rundt såg eg at alle teppene me har har me fått av foreldra mine. Det var på tide å kjøpa eit sjølv no! :O)

Den lilla puta, pleddet og brikkene blei pakka vekk, teppet rulla saman og ein gammal stol byta ut med ein annan....

Eg har ikkje puter/stoff og bordbrikker/løpar som passar til fargen på stolen, så det får eg vera på utkikk etter.

Medan eg rydda og ordna i stova, var Lilly på oppdagingsferd i gangen. Ganske så spanande! :O)



2 kommentarer:

Sang Tao - Judith sa...

Å, så fint det blei! Herligt:) Kjekt at det rosa stolen har fått sin plass;)

Sang Tao - Judith sa...

DEN rosa stolen...