Den sola! Den gjer oss heilt øre og gjer at me slepp alt. For når det er sol, kan ein gjere nett som ein vil. Husvask og viktige ting som skulle blitt gjort i dag, det berre forsvann frå tanken. Men for ein kjekk dag! Eg og Lilly har vore på storshopping med Nina, det vil sei, Nina shoppa og eg og Lilly kom med tilbakemeldingar, "den var kjempefin, typisk deg" og liknande ;O)
Seinare i ettermiddag var det grillings på den fine uteplassen til Judith og Roger. Pappen i huset har vore på fisketur (retting: fiskakonkurranse) med nokre kameratar heile dagen. Lite fisk, mykje prat. Sjølv om det har vore ein super dag, har det og vore litt travelt.
Nå sit me her ganske trøtte og med litt solbrente nasar begge to. Neste punkt på programmet er film og sjokolade. Har du smaka den nye melkesjokoladen med jordbær? Den er definitivt min nye favoritt!
Eg gløymde å ta kamera med ut i dag så det er dårleg med bilete frå alle dagens hendingar, men dykk kan få eit bilete av dei nylakkerte tåneglene mine :O) Forøvrig dagens shopping på meg.
Alt er rosa for tida....
3 kommentarer:
Hihi, fine ter!!! Takk for shopping! Nå e eg heilt klar for å bruka dei nye klenå. Dei skoene va barra utruligt behagelige å gå i. Så d va et supert tips! Ka ti blir egentligt bibelgruppå ?
Eeeeh...fisketur? FiskaKONKURRANSE e vel det retta ordet. Og sie verken eg elle åsmund har blogg, så velge eg å broka dokkas t å påpeika at det va eg så vant detta året.
Eg må beklaga den bommerten, så feil kan ein ta!;O) Feilen e blitt retta :O)
Legg inn en kommentar