23.6.09

Friends

Både i går og i dag har Lilly kosa seg saman med gode venner.


I går blei Tobias ett år, så då var me i selskap. Han hadde fått seg ein kjempe tøff bil og Lilly fekk lov til å prøve den. Ihvertfall litt ;O) Å ha sitt eige sjokoladekakestykke og kose seg med er heilt supert! Då Lilly så vidt hadde fått ein liten bit inn i munnen, utbraut ho med stor entusiasme "nam-nam". Ikkje så rart, då både mor og far i huset er nokre skikkelege kakemonsar.

I dag fekk me koselg besøk av Celine og mammen. Jentene leika godt i lag. Bytte, eller rettare sagt tok leker frå kvarandre og kraup/åla seg etter kvarandre rundt på golvet. Celine hadde og litt underhaldning for Lilly. Ho låg på ryggen og sprella med beina samstundes som ho slo to leker mot kvarandre, det fekk Lilly til å skrattle. Eit herleg syn!



Det er veldig kjekt å kome saman når ein har ungar på same alder, eg set stor pris på dykk begge! Eg meiner, alle fire, mor og born ;O)



Ingen kommentarer: