5.6.09

Rekeparty

Å ha rekefest er ein typisk sommarting, og det har me hatt i dag. Innandørs vel og merke, neste gong får me satse på å vere ute. Det var eit barnevennleg tidspunkt me møttest på, klokka fira samlast me rundt borda (me var åtte så alle fekk ikkje plass rundt eitt). Eg kan ikkje hugse sist eg åt reker! Nokon meiner jo at ein ikkje skal ete det då ein ammar, og eg kan heller ikkje hugse å ha ete det medan eg var gravid, så altså leeenge sidan! Det var eit gledeleg gjensmak :O)

Det var og eit gledeleg gjensyn med venner det var lenge sidan eg har sett, og sjølvsagt var det kjekt å sjå dykk eg ser litt oftare og ;O) Etter at reken var etne var S rask med å setje på kaffien og ostekaka servert. Ein god avslutning på eit godt måltid.







Takk for ein triveleg ettermiddag, kjære venner!

2 kommentarer:

Sang Tao - Judith sa...

Å, det va så koseligt atte! Knallgo reker! Og knallgo ostakaka! Og knallgo knip eg fekk av na Lilly;)

Morgenstemning sa...

Ja for laget:-)Oppskriften på ostekaken mottas med takk!