Slike skattar som dette kan ikkje liggje innpakka i aviser, i ei eske, innerst i kroken på eit kott. Eg har tenkt at eg ikkje har plass til å ha dei framme som pynt, difor har dei berre blitt liggjande . Men no, nå har eg kome på betre tankar; å bruke dei! Kvifor skulle eg eigentleg berre ha dei til pynt? Det er ikkje alltid så lett å bli klok på seg sjølv...
I dag har eg kjøpt ein ting som eg eigentleg ikkje likar (det at det var til halv pris, spelar nok litt inn…), nemleg håndsåpe av den ”gamle” typen. Sånn hard klump med såpe som er fin når den er ubrukt, men litt ekkel når den er velbrukt. Grunnen til at eg har vore/er litt skeptis er at eg føler eg gnir bakterier inn i såpa, og neste gong eg bruker ho miksar eg litt nye og gamle bakteriar. Nokre blir att på såpa og kosar seg der ,og nokre tar eg med meg vidare. Det er kanskje ikkje så ekkelt om berre ein person brukar såpa, men kva med når det er fleire som brukar den og alle legg att nokre bakteriar kvar….
Ja, eg har altså kjøpt ei slik såpe, og eg er veldig nøgd med den!. Den inneheld berre ”snille” , naturlege ingrediensar og eg blir mjuk og god på hendene etter at eg har vaska meg med ho. Om nokon kan bekretfe eller avkrefte bakterieteorien min, er de velkomne til å kome med innspel.
Om du vil, kan du lese meir om såpene her

1 kommentar:
Eg tenke at du vaske vekk dei bakteriene uansett om det e dine egne nye, elle andre gamle sine:)
Tok meg ein tur på salg eg og tte jobb i dag... Kjekt, men blir kjøpt ein del som eg egentligt ikkje trengte.. men sånn e det vel alltid på salg;)
Legg inn en kommentar