16.7.09

Nymalt og min inspirasjon...

Vase frå Zara Home og blomar frå hagen til farmor


Då me byrja å kome i orden etter turen, sette me i gong med sommarens første maleprosjekt: male panelet i kjøkkenet. Eg må sei, det er litt kjekkare å male når resultatet blir nytt og spennade, som når ein maler brune stolar og eikeskap kvite, enn når ein maler kvitt på kvitt. Panelen var nymala for eit år siden, men huset er jo i naturleg bevegelse så det var store gliper mange stader. Men no er dei altså vekke, om ingen legg merke til at me har mala, slepp glipene ihvertfall å irritera oss lenger...


Eg har og eit hylleprosjekt på gong. Me har ikkje overskap på kjøkkenet og derfor tenker eg å gå til ein byggvarehandel og kjøpe meg ein plankebit i morgon, vips så får eg "overhylle". Hylleknektar kjøpte eg på Ikea i Spania...oh, yes, du leste rett! ;O)


Dette er inspirasjonen min:


Bilete er henta frå Jane Cumberbatch si bok "Innredning og oppussing med enkle grep". For ei stund sidan "oppdaga" eg Cumberbatch og hennar Pure style (på norsk: Stilren innredning), og mange av hennar interiørtankar -og idear appelerte veldig til meg. Ho fokuserar på kva me har bruk for og står for ein enkel innredning. Harmoni og balanse er sentralt. Andre sentrale ord er praktisk, jordnært, naturlig og forenkling. Pure style er ein enkel tidlaus design som forenar funksjonalitet med komfort, skjønnhet og trivsel.

Her er litt fleire kjøkken bilete henta frå bøkene "Stilrent. Innredningsideer for alle hjemmets rom" og "Innredning og oppussing med enkle grep".







1 kommentar:

LIVS LYST sa...

Hei Linn!

Jeg har brukt all verdens av restegarn jeg. Sånn "vanlig" tykkelse. Noen bløte og noen "harde" garn. Tatt det jeg har hatt. Akkurat som de gjorde før.

Nummer på heklepinnen er 5mm!!

Lykke til og kos deg!

Hilsen Liv