Me er så heldige å ha ei farmor som strikkar "slumretepper" til liten og stor. Eg er berre så glad i desse teppene, og dei blir flittig brukt. Teppe på bilete er i Lilly-størrelse, men me har og to i mamma/pappa størrelse.
Det blir aldri ein høneblund utan...
Eg har lenge tenkt at eg må få oppskrifta på desse teppene
(i Lilly-størrelse...). Gleda var derfor veldig stor då eg tilfeldigvis kom over oppskrifta i boka
Strikking: gammel teknikk i ny design av Lilly Secilie Brandal.
Ein ting er sikkert: Kose/slumretepper er ein
god ting i livet.
Oppdatering: Eg ser i ettertid at det kanskje høyrtes rart ut at eg blei så glad over å finne oppskrifta i ei bok. Kvifor spør du ikkje berre, tenkjer kanskje nokon. Det er altså farmora til S som lagar desse teppa, ho bur langt vekke og er gamal så det er ikkje så ofte me sjåast. Så no veit du det, enten du lurte eller ei ;O)

3 kommentarer:
fint slumreteppe!!
Så skjønt! Jeg fikk et lignende til Marie av en venninnes mor, og jeg er veldig glad i det. Det var utrolig skjønt i den gule fargen, så friskt at bildene så helt sommerlige ut! Skjønne lillemor!♥ Klem H
Det var nydeleg og så herleg farge! Kjekt og godt å ha for både store og små :)
God torsdagskveld til deg
Klem Cam
Legg inn en kommentar