18.10.10

hjerteteppe







































Eg er så heldig å ha opptil fleire heimestrikka "slumreteppe" i ull med hjartemønster. Desse er noko av det kjæraste eg har, og dei er velbrukte! Det at det er ei herleg dame som har strikka dei, spelar sikkert og inn. Farmora til mann min er ei fantastisk gamal dame med langt grått hår tvinna opp med fliseklemmer, alltid strikketøy i hendene, utanom på sundagar, og ho er ein ivrig kortspelar. Ho strikkar desse teppa både i vaksen og barnestorleik. Ikkje kan eg forstå korleis nokon kan strikke noko så stort med så tynn tråd (!).

For ei stund sidan oppdaga eg oppskrifta på desse teppa i ei bok, og det viser seg at dette er ei gamal, tradisjonell oppskrift. Om du er interessert heiter boka Strikking, gammel teknikk i ny design.






































Eg har hatt lyst til å strikke eit slikt teppe lenge, men ikkje orka tanken på å byrje på eit så stort prosjekt. Heilt til for nokre dagar sidan. Eg sa til meg sjølv at eg kan ihvertfall byrje, og heller leggje det vekk om eg skulle bli lei. Men det er jo så kjekt! :O) Eg strikkar i Baby Merino  frå Drops med pinnar nr. 4,5, så det går jo slett ikkje seint. Og så er mønsteret så greit, for ein vekslar mellom hjartemønster (som ikkje er vanskeleg), og rettstrikk. Det er dermed eit håndarbeide som fint passar å ha med i sosiale settingar og framfor tv'en, det likar me! :O)

Eg strikkar forresten i barnestorleik, må nok bli pensjonist før eg gir meg ut på eit stort ;O)


Ønsker alle ei god veke!

7 kommentarer:

Camilla Jørgine sa...

Dei var skikkeleg fine! Usikker på om eg har tålmod eller evne til å strikke denslags...Heldigvis har vi komande mormor og oldemor som strikkar kvart sitt :)

Strikking på sundagar, nei det likar ikkje morfar heller at ein driv med ;)

Ha ein god kveld og håpar du har gode dagar heime!
Klem Cam

Morgenstemning sa...

Du ER så utrolig flinke:-) Ein fryd for auga.

MonjaHelene sa...

Hei,Linn
Så utrolig nydelige tepper.Tenker de varmer både kropp og hjerte:)Det er så ekstra sepielt når en har fått det av mennesker man er glad i og som for alltid vil være med oss i hjertet og minnet.Jeg har flere heklelappepledd etter min farmor og jeg er så glad i dem.De blir flittig brukt om høsten og vinteren.Resten av året som pynt på stolene.;)
Hadde ikke helt fått med meg at dere skal ha en liten en,så utrolig koselig:)Dere er heldige:)Og minstejenta blir nok en stolt storesøster:)
Kos deg med strikketøyet,det så riktig så fint ut.
Ha en fin uke:)
klem fra Monja

MonjaHelene sa...

spesielt mente jeg selvfølgelig,ikke sepielt;)Ble litt rask tastaturgang her;)

FlorasFrue sa...

Så nydelig teppe! Jeg strikket et babyteppe med noe av samme mønster - hjerter, sommerfugler og blomster i litt store ruter. Med pinne 2,5 så jeg er glad tanteungen ikke skal komme før i januar :)
God kveld til deg
Kjersti

Dronning Maud sa...

Det fikk jeg også lyst å prøve.Men det ser vanskelig ut.Kjempefint.Håper du er i god form:)

Haust sa...

Aldeles nydelege teppe! Kos deg med garn og pinnar! :)