Dette driv eg på med om dagen. Eit uvisst hundretals bilete skal plasserast saman på kvite ark, gjerne med farga ark, mønstra ark, klistremerke og tekst. Det heiter visst nok scrapping, å lage scrappbook. Nå er ikkje dette eit nytt fenomen for meg, men no når eg skal lage album til Lilly, har eg gått til innkjøp av litt meir "utstyr", og då blir det litt meir "scrappete" ;O)
Allereie no synest eg at det er kjempestas å sjå attende på bileta frå då Lilly var nyfødd. Tenk korleis det blir i åra som kjem! Eg håpar albumet kan bli ei minnebok både for oss og for Lilly. Minner i form av bilete er så dyrebart! Me kan jo ikkje hugse sjølv korleis me var som babyar og born, då er det godt å ha nokon som kan fortelje, men og å ha bilete å sjå på. Det beste blir vel å ha albumet framfor seg og ein person til å fortelje ved sida. Eg ser fram til mange slike stunder saman med Lilly!
3 kommentarer:
Wow!! Så flinke du e da!! :-)
Åååå, detta blir fint:) Eg ser føre meg at du e ein flinke scrappar:) Du kjeme nok te å vara gla for at du gjorde detta seinare
eg o trur du e knallgo å scrappa. stas me bilder! kjenne eg blir heilt inspirerte... Ü
Legg inn en kommentar