11.2.09

Onsdagslunsj

Eg synest at onsdagane våre fortjenar eit eige blogginnlegg. Mest kvar onsdag sidan september har eg, Lilly, Nina og Tobias gått på babysang, og etterpå går me til oss og lagar til lunsj. Snakk om ein koseleg "tradisjon". Dei siste vekene har og Judith blitt med, veldig kjekt! Beklager at du ikkje får ha "badne" ditt med.... :O)




For ei stund sidan fann eg ei oppskrift på nokre super enkle muffins, og dei prøvde eg meg på i dag. Oppskrifta var så enkel som det går an og bli, dette er noko alle kan klara! Då dette blei ei spontan baking, hadde eg ikkje så mange spanande ingredienser heime, det blei sjokolade muffins (kakopulver) med melis/appelsin glasur. Eg ser verkelegen potensial i denne oppskrifta, og skal teste den ut med andre godsaker som sjokolade, nøtter, blåbær, vanilje...Ja, ikkje alt på ein gong da ;O)


Super-duper enkle muffins

4, 8 dl mjøl

1, 5 dl sukker

3 store ts bakepulver

litt salt

1 egg

3/4 dl olje

2, 5 dl melk

Bland alt det tørre i ei bolle, og det våte i ei anna. Så blandar du alt rask saman, det treng ikkje bli ei jevn røre. Tilset så den smakstilsetninga du har mest lyst på . Legg i muffinsformer og steik på ca. 220 grader. Glasur? Ja, kvifor ikkje :O)






Me hadde scones og, men den oppskrifta får eg leggja ut ein annan gong, dette er trass alt ingen matblogg! ;O)

5 kommentarer:

Sang Tao - Judith sa...

Det e møkje kjekkare å leka med "bådne" dåkkas ska eg sei deg:) Voldsomt kjekt å få vara med på kånelunsj!

KnøtteKRIK sa...

Trur eg ska prøva meg på dei muffinsane alse. For di va kjempegoe! Syns d e kjekt at du legge ut oppskrifter eg. Så kan eg læra meg noge nytt :-)

Espen og Nina sa...

Heisann!
Ser kjekt ut å ha permisjon!:)
Å, dei muffinsane såg veldig goe ut, tror eg må prøva dei!!

Bloggen vår og har forresten våkna til live, så får me sjå kor lenge d vare...:)
Nina

Iselin sa...

Å detta ser koseligt ut! Og dei muffinsane ser jo gode ut da, kanskje eg må prøva meg på dei eingong! Ha ei god helg:)

totliii sa...

muffins e heilt fantastisk! å dei såg skamgoe ut... å så greit å sleppa å piska eggedosis da... d gidde eg jo aldri heilt uansett... ;)