23.2.09

Vinterferie

Denne veka starta vinterferien. Det betyr at pappen er heime og held meg og Lilly med selskap heila dagane. Og det likar me! :O) I dag har me vore ute på tur, ordna litt heime og slappa av. Det er noko anna å ha kvardagen i lag, sett i forhold til helga, det er meir ro over ein mandagsføremiddag.

Den siste tida har Lilly lært seg fleire nye ting, viktigst av alt: ho kan "klappe søte". Dette til stor glede for oldeforeldra som har trent ho opp i lange tider ;O) Ho har og oppdaga hovudet sitt, og rister og kjenner på det med hendene. No ligg ho oppe i senga si og skrik, ville nok helst vore nede og kost me mammen....Har mest lyst å hente ho......., men: konsekvent, konsekvent!! Ikkje lett, men nødvendig.

Her er ho ihvertfall i strålande humør:


God mandagskveld!

(Satsar på at vår blir litt rolegare etter kvart ;O)

5 kommentarer:

Gerd Katrin sa...

Så koseligt:) Hu e aldeles nydelige.. men sånn blir d vell me sånne foreldre! God veka:)

Sang Tao - Judith sa...

Vinterferie? Det har vi ikke sett... Men eg har jo forståvidt ferie akkurat når eg vil da, så det e nå greit nok:)Men det blir kanskje ikkje noge kånelunsj heller då på¨onsdag elle?

Isabellas och Minnas pappa sa...

Hej Linn. Jag fick det här tipset om styckeindelningen. Vi får prova och se om det fungerar!
"Håll ner shift-knappen när du gör radbrytning så gör du en tvingande radbrytning"

Familien Hegglid sa...

Ikkje alltid lika lett å vara konsekvent nei.. kjenne te d! :)
Ha ein FLOTTE vinterferie!! :)

linn sa...

Judy: Trur kje d blir nogen lunsj denne vekå. Men passe d me bibelgruppa på søndag?