1.4.09

Vår -inne og ute

I dag fekk eg verkeleg vårkjensle! Det lukta vår ute, og eg syntes det var litt mildare og. Eg har vaska vårjakkene mine, påskeliljene spring snart ut og kveldane er lange og lyse. Folkens, det er vår! No kan eg ikkje lenger sei at eg ventar på våren, for den er her, akkurat no. Og me må berre nyte den for vips, så er sommaren her.

Når det går mot lysare tider, skjer det noko med meg. Eg trur det er eit behov for å få huset innvendig til å stå i stil med det som skjer utanfor :O) Alt må vere lyst, blomstrete og fargerikt! Heldivis har eg litt på "lager"som eg kan finne fram, men litt nytt blir det jo. Det kjøpet eg trur eg er mest nøgd med, er serveringsbrett-bordet mitt. Eg likar at ting er anvendelige og funksjonelle. Og her har eg eit fint bord, og serveringsbrettet står laust oppå klar til bruk, om eg ønsker det.




Påskeferien er jo berre nokre dagar unna, og eg gler meg! For påskeferie betyr ferie óg for studerande og arbeidande venner rundt om i vårt ganske land. Påskelunsj, påskekvelds, påsketur...


Velkommen heim, kjære venner!
Dette skal bli ein herleg ferie!

1 kommentar:

Gerd Katrin sa...

TAKK!!
Gleden e så stor:)