Endeleg kom sy-dilla! Eg har venta på den lenge no. Når det gjeld hobbyting, går det litt i periodar med meg, og det er lenge sidan eg har vore i symodus. Men no, no er det ingenting eg heller vil enn å sy ;O)
Det byrja med at eg mest tvinga meg sjølv til å gjera ferdig ein Tilda engel som eg byrja på for leeenge sidan. Og det var alt som skulle til. Dei siste dagane har eg sydd på hjerter og ei pære :O) Neste plan er ei bordbrikke... Det som er eit lite "problem", er at eg ikkje har så mykje tøy. Så om nokon veit ein stad det sel prikkete, stripete og blomstrete tøy, blir eg veldig glad for tips!
Om nokon skulle kjenne at det kriblar ifingrane, er det berre til å slengje symaskinen under armen og kome. Då kan me ha syklubb ;O)
11 kommentarer:
Ååååå, you lucky pig! Eg sko med glede sydd me deg, men eg desverre i ein såne syarmaskin.. Men eg har lyst på, som seg hør og bør når ein e kåna;)
Kom plutseligt på at det ikkje e så jysla lenge te eg fylle året... Eg syns det du lage e DRITfint! Hinthint..;)
By the way, nydelige overskrift du har lagt på bloggen!! Stligt og enkelt:) Har vist ikkje sagt det. Sorry, nå får du tri kommentarar, så e adle frå meg... skuff..hehe
Eg vett ihvertfall at her i trondheim så har de masse kjempe kult tøy på åhlens! rødt med prikkar, blomstrete, stripene i sånne goe fargar så du like;)
Eg o fylle året snart altså!!
Eg har tenkt å begynna å sy snart eg o ser du.. eg var med ei venninna igår så har baby i magen, å hu lagte et sånt krabbe-teppe i lappe teknikk. Å d såg jo barra kjempe enkelt ut. Trur faktisk eg o sko klart d! Så nå har eg planer om å sy meg et teppe eller eventuelt ein vaskeklut;)
Nå har du 7 kommentarar du.. d ser jaffal kult ut.. eg trur du ska få hjelpa meg å få ein kule lay-out på min blogg i påsken!
Så fiint! så flinke du e!! sko virkelig ønska at eg og var venn med symaskinen, men det er vi ikkje, men, eg trur snart me skal ta et oppgjør å bli venner igjen! :D
Fekk litt sjokk nå, ja, så mongen kommentarar! D e kjekt sjøl om dei fleste e frå same person ;O)
Judith: Eg har tenkt litt på at du snart fylle året... ;O) Trur forresten eg ska tipsa Roger om ka du kan få t du fylle året :O)
GK: Eg får sjekka ut Åhlens. Og eg syns du bør hiva deg på sying. Eg ska ha deg i tankane når det gjelde bursdagspresang. Får sjå kor lenge dillå vare :O)
Berthe: D e nok lurast å gjera opp me symaskinen, uvenner e ikkje noge å ha :O)
Så flinke du e!
Eg kan kje sy, men fekk ein katalog av ein ny butikk her i Bergen, "Stoff og stil", og der va det utruligt masse fint! Med både prikkar og blomster! Tror de har nettbutikk òg!
Så flinke du e Linn!!
Imponerte eg! Va jo kjempe herligt de du hadde sydd!
Legg inn en kommentar