22.5.09

Nytt maleprosjekt

I dag har eg byrja på eit nytt maleprosjekt (me har ein del av dei føre oss i sommar). Det som stod for tur nå var soverommet. Når me pussa opp for ett år sidan, ville eg tapetsere og ha nokre "fondvegger" (trur det er det det heiter...), men på grunn av veldigt skjeivt hus (tak og vegger), gjekk me for ein litt enklare løysning. Me tapetserte med strie og måla den.

Som ein liten kompensasjon for at eg ikkje fekk fine tapetserte fondvegger, måla eg nokre vegger i andre fargar. I yttergangen blei det lyseblått, og på soverommet, lilla. Fargen i gangen er eg veldig nøgd med, den på soverommet derimot... Eg såg det med ein gong eg var ferdig me å male, fargen var heilt feil. Etter å ha sove på dette soverommet som eg ikkje er nøgd med i eitt år, tok eg fatt i "problemet" i dag. Fram med den kvite malarpenselen!! Eg har allereie hatt på to strøk, og satsar på å få tatt det tredje og i dag. Går veldig fort når det berre er ein vegg.

Eg ser fram til ein sommar i heilt kvitt soverom med lyseblå sengklede og florlette kvite gardiner. Snart nå :O)

Her kunne eg godt ha sove....

(bilete er henta her)



2 kommentarer:

Sang Tao - Judith sa...

Mmmm..sweet:) Det e faktisk litt viktigt å ha et soverom ein e fornøyd med! Syns jaffal eg..:)

Maria sa...

Vad fiiiint det låter! Vårt sovrum står högst på min lista över saker jag inte är helt nöjd med. Det är liksom lite för tomt och vitt. Jag funderar på en fondvägg med en somrig tapet. Vi får se! Hoppas att ni får en mysig helg. Kramis M