Dagen byrja med ein pakke i posten. Det var skinntøflane Lilly har kjøpt seg for bursdagspengar. Og snakk om god timing, i går reiste ho seg opp etter bordet for første gong! Ho har reist seg opp på knærne ei stund, men i går tok ho altså siste steget. Eg bestilte tøflane på Løvebarna, og snakk om rask levering! Eg fekk mest ikkje tid til å vente på dei (i motsetnad til eit visst veggord som eg framleis ventar på.)
Fine rosa skinntøflar med gullkrone på.
Perfekt for små prinsesser som reiser seg og skal lære seg å gå.
Etter ein liten kvil gjekk eg og Lilly ut på tur. Målet for turen var å handle brød og mjølk. Enkelt og greit. Hadde det berre ikkje vore for alle fristelsane langs vegen. Utanfor døra til butikken står dei fine prinsane (blomster altså ;O). Forrige veke spurde eg etter lyserosa eller kvite, men det hadde dei ikkje. Men i dag, då hadde dei. Det hadde jo vore for dumt å ikkje kjøpe då, eller..,Jaja, glad og fornøgd vender eg vogna heimover, det var jo ikkje ei stor utskjeiing å kjøpe ein nydeleg blomst til 59 kroner.
På vegen heim går eg forbi ein klesbutikk. Eg går forbi, og eg snur. I utstillingsvindauget heng tre rutete tunikaer på ei snor, ein lysblå, ein mørkblå og ein rosa. Det skulle ikkje vore lov å lage så innbydande utstillingar! Eg fekk ein ekstra pose med heim...
Det er jo ikkje mogeleg å angre på desse kjøpa!
Og så hadde me besøk, veldig koselg, og me fekk innvia hagemøblane. Eg gler meg til mange timar rundt dette bordet.
God lørdagskveld!
4 kommentarer:
Gjett om eg har sitt på den blusen då!? Hehe..;)Men eg har bestemt meg for å kjøpa symaskin, så eg trur eg må spara penger te det;)
Oi, har du!? Du kan få låna an :O)
Nydeleg:)
I helga har eg vore så heldig å hatt besøk av Ingjerd.. dokker hugse ho? Me blei invitert med av ei anna venninne av oss, heim til foreldrene hennar. Rissa heiter plassen me var på. Me måtte ta ei lita koseleg ferje + litt køyring. Der blei me oppvarte frå me kom til me drog, følte skikkeleg eg var på ferie! Nå har eg 4 vaktar igjen på sjukehuset i Trondheim, 1 cellegruppe, 1 middagsinvitasjon, 1 heil del pakking, 1 kajakktur, eit 5 års treff på Sagavoll før eg flyttar heim!
Me snakkis neste søndag:)
GOD SØNDAGjentene mine:)
Så mange fine rosa ting! :) Og gratulerer til Lilly som har reist seg heilt opp!! Flinke ho er! :)
Legg inn en kommentar