Bilete eg likar frå AbbtrysagainEg har fått ei utfordring frå Duften av Erteblomster, nemleg å sei ti ting om meg sjølv. Og det var faktisk ei utfordring, det er ikkje så ofte ein sit og tenkjer slik om seg sjølv. Her er litt om meg:
akkurat no høyrer eg på Norah Jones
eg møtte mannen i mitt liv då eg var 17 år
eg drøymer om å få mitt eige drivhus
eg møtte mannen i mitt liv då eg var 17 år
eg drøymer om å få mitt eige drivhus
eg har vanskeleg for å sei kva som er favorittboka mi, men Saman er ein mindre aleine, Bienes hemmelige liv og Drageløparen har alle gitt meg gode leseopplevingar. No skal eg byrje på Den rettferdige av Helene Uri
når eg høyrer reggaemusikk eller songar som er reggaeinspirert (f. eks sommarsongen min, I'm yours av Jason Mraz) blir eg glad og får lyst til å dansa
ifølge S er eg ein livsnytar...
dersom me hadde levd i ei verd der ein ikkje trong tena pengar, ville eg hatt ein liten "butikk". I ein krok skulle ein kunne sitje og nyte kaffi/te og sjokoladekake med gode vener, i ein annan krok skulle det vere store mengder stoff, garn og anna materiale eg kunne lagd ting av
eg vel å tru at mørk sjokolade og valnøtter er sunt og kan nytast sjølv om ein ikkje skal eta snop på vekedagar....
eg har vore i Kenya og Uganda
eg blir veldig fort rørd, spesielt om det har med born eller kjærleik å gjere
No har eg delt litt om meg, og eg vel å sende utfordringa vidare til fem bloggerar. Det er heilt frivillig og heilt forståeleg om de lar vera :O)

5 kommentarer:
hei -
..så fint og lese om deg!
nydelig lesning! ..og vi deler lik smak innen litteratur :0)
..ha en fortsatt fin kveld -
moaklem
Så kjekt å "lære" og lese litt meir om deg, og ang det med "butikk" så trur eg me deler same draum :)
Ha ein god fredag, og eg tek utfordringa!
:) Camilla
så koselig å lese.
og så kjekt at du liker bildene våre.
vet ikke hvor du bor i fylket.
men vi holder også litt til på bømlo, har hytte der. så vi tar også oppdrag i dette området:)
Det var kjekt å få vite litt mer om deg.
Du har en nydelig blogg,og jeg tror du har en nydelig personlighet og.
Ha en herlig helg!
Klem fra gunn
Hei på deg! Så kjekt at du har huska på meg! Eg må tenke litt på denne utfordringa, så kjem eg kanskje til å ta den..hihi..vanskeleg...
Ha ei god helg!
Legg inn en kommentar