nysteikte bollar med smør og bringebærsyltetøy....
Eg syntes sommarregn berre er herleg. Jo kraftigare, jo betre!
Men når det regnar i eit strekk, fleire dagar på rad, då fell det inn i ein annan kategori, nemleg dårleg vêr.
Med ein toåring i hus kan slike dagar bli litt lange. Då passar det godt med bollebaking. Og for ein gongs skyld gjer det ikkje noko at det tar fleire timar før dei er ferdige.
Det må vere lov å håpe på litt sol i morgon....


2 kommentarer:
Mmm...kanskje hadde det gjort seg med bollar til søndagskaffien? Regnar gjer det i alle fall!
Ha ein fin søndag! :)
Det såg nydeleg godt ut :) Kjenner at det hadde vore godt med fersk gjerbakst no! Og no har vi endeleg ferie, så då bør det bli tid til å bake nokre bollar.
Håpar veret kjem seg etterkvar slik at ein kjenner at det er sommar, også temperaturmesig.
Søndagsklem Cam
Legg inn en kommentar