Ja, strikkedilla har verkeleg vore til stades den siste tida. Herleg! Som de ser på bilete har det blitt litt av kvart. Eit "hentesett" må ein jo ha, sjølv om eg tvilar på at det blir brukt til heimreisa, syntes det verkar litt stort. Når eg var ferdig med det, kjente eg at eg var litt lei lyseblått, så då det blei det brunt. Teppe, tøflar og vottar. Ein "hjelm" er undervegs i same farge.
Dette teppet må vere det enklaste og raskaste det går an å lage. Det er difor prefekt for rastlause sjeler, og for nybyrjarar. Ein strikkar med pinnar nr. 20 (!!) og garn i rein ull. Tjukt, godt og varmt! Oppskrifta finn du her.
Utanom strikking har det gått i familie, jobb og soving for meg. No skal eg jobbe i redusert stilling dei to vekene som er att før permisjonen startar, og det skal bli godt. Kjenner at det er på tide å prioritere litt annleis. No byrjar det verkeleg å gå opp for oss at tida snart er her. Me er så spente! Korleis ser han ut, kjem han til å likne på storesøster? Korleis kjem han til å vere, og korleis blir det å ha to små i hus (!)? Og det eg tenkjer mykje på om dagen, kva tid kjem han? Det er godt å ha eit strikketøy i hendene når slike tankar svirrar, så får ein gjort noko nyttig samstundes ;O)
God tirsdagskveld!

12 kommentarer:
Lekkert teppe du har strikka
Blir nok det neste på lista, må bare bli ferdig med en hals
Så utrolig mye fint du har strikka!
E det bare to uker te du går ut i permisjon?! Ska sei tia går fort, syns nettopp eg leste her at det va ein liten på vei. Spennande greier altså:) Lykke til med den siste tida!
Wow, "ska sei"! For ein produksjon. Eg kjenner at eg ligg etter på det området der, men mogleg at strikkesjuka også kjem til meg etterkvart ;) Utruleg fine fargar du brukar, veldig likt det eg ville ha vald sjølv!
Ang min "situasjon" så kan eg no bevege meg litt meir i huset, og gjerne ein tur ut. Så det er godt nytt, sjølv om eg framleis må ta det med ro og det ikkje blir noko jobbing resten av svangerskapet. Det kan bli 4 lange mnd, men abosolutt verdt det! Og så lenge guten sparkar og har det bra, så skal eg ikkje klage :)
Vittig med tankane du har på slutten her, for det er akkurat slikt eg tenkjer på òg, det blir god tid til denslags når ein har rolege dagar ;)
Takk for SÅ kjekk kommmentar hos meg, og eg er glad eg har blitt "kjent" med deg òg. Takk for forbønn, Linn! Det er nok bra å trappe litt ned, og det er jo flott at du har jobba så lenge, læraryrket er ikkje berre-berre har eg forstått!!
Oi, lang kommentar... ;)
STOR klem Cam
Kjære tid så nydelig!!Lykke til i tiden mot permisjonen.
Og du, eg e klar for hjelmlue oppskrifter;)
Så nydelige ting!
Litt strikkedilla her også, herlig med det som man har laget selv.
Ha en fin onsdag
Kjersti
Oj oj oj så fint! Her kan enhver få prestasjonsangst;) Elsker fargene du bruker, det lyseblå sarte blandet med hvitt var nydelig! Likte bloggen din veldig godt, og henger meg på som følger:)
Vi sees:)
Klem Christine
Så nydelige små plagg. Og så spennende tid. Det er sååå spennende å vente på de små som ligger der i magen og sparker. Jeg lurer så på hvem min nye lillegutt er.
Lykke til med siste tiden. Den er så spesiell. Rart å ikke vite når det nye familiemedlemmet er der. Ta vare på deg selv!
å som eg glede meg t han komme :)
Så møkje fint du har spøta, du e dyktige Linn:) Du må pipa hvis du trenge litt lag når du e hima:)Nærme seg m stormskritt t lillegutten kjeme nå,spennande:)
may karin
Du er flink altså!
Ser så fint ut, og fine farger, brunt er knallfint til både blått og rosa i grunn!
Ønsker deg lykke til framover!
God helg:)
Klem, Marte
Hei du :))Så gøy at du prøvde ut vaniljebolleoppskriften min! Og så herlig at du ble fornøyd. Godt å ha noen sikre oppskrifter i kjøkkenskuffen. Jeg har en egen liten perm med mine aller beste oppskrifter og jeg kommer nok til å legge de ut på bloggen etterhvert. Så skjønne babyting du har strikket. Vakre farger på alt sammen! Skjønner at du går og venter.. :)
Ha en fin lørdag. Beste hilsener fra Kardemomme :))
Takk for tipset! Nå ble jeg inspirert. :) Liker bloggen din! Tror jeg legger meg til som følger, jeg.
Legg inn en kommentar