5.10.10

"myk start"

Alle ønsker me vel å gi dei små ein mjuk og god start. Varm, trygg, full av omsorg og kjærleik. Og kva er vel eit betre utgangspunkt enn gode og mjuke ulleklede som held den litle kroppen varm? Dette har strikkebokforfattar May B. Langhelle verkeleg forstått, og eg er overbevist. I boka "Myk start" finn ein nydelege og enkle oppskrifter i herlege materiale og fargar. Eg berre måtte reklamere og anbefale denne boka :O) Sjølv oppdaga eg den ganske nyleg, så eg har ikkje strikka så mykje derifrå, men det dykk ser på bilete ovanfrå er frå boka. Alt strikka på to pinnar!

Ein annan ting eg må vise dykk er dette vatt-teppet. Eg har ein farfar som ikkje kastar nokon ting, og då meinar eg verkeleg ingen ting! (Min kjære påstår at eg er lik han, og det kan kanskje stemme, men ikkje i same grad! :O)) For nokre dagar sidan sa han at han hadde eit teppe i uthuset som var fint for ein liten gut. Eg må innrømme at eg kjente skepsisen bre seg, for ein veit aldri kva han kan kome med. Men så var det altså dette fine teppet som eg hugsar så godt frå eg var liten. Både eg og bror min har krabba og leikt på dette teppet, så det skal bli stas å sjå broremannen vår boltre seg på det.

I dag slår eg eit slag for alle som ikkje kastar. Ein kan jo få bruk for det ein gong! ;O)

8 kommentarer:

Tove sa...

Hei hei
Så nydelige plagg du strikker.
Ha en fin dag
Klem TOve

Dronning Maud sa...

Utrolig lekkert det du strikker!! Teppet var jo knalltøft.Ekstra stas at du husker det!!

Camilla Jørgine sa...

Eg bøyer meg i støvet for alle som strikkar etter mønster, og du er verkeleg ein av dei!! Eg har også boka "Myk start", men eg har levert den til mamma...så ho har tatt ansvar. Eg får heller strikke andre ting, som er ENDA enklare :)

Finfint teppe, og tenk så kjekt at lillegutt også skal få krabbe på det!

Håpar formen er fin og at du får litt rolege dagar no som du ikkje jobbar lika mykje!

Klem Cam

Love Peace Pionies sa...

de skjønneste strikkede plagg:) nydelig farge!
og gøy med det teppe da, superkult!
klem kristina

heidi sa...

Slår og et slag for å bruke ting om igjen. Har akkurat fått en pose tøy fra svigerinna mi til lillegutt. Hærlig! Og første vinter tilbrakte lillegutt i ullposen jeg brukte. Og nå er den klar til nestemann!!

Du strikker så fine ting...må innrømme at den ene strikkeboka jeg har er hos mamma...Men det har det jo kommet mye godt ut av!

Yvonne - Frl. Klein sa...

Lovely little shoes you knit!
Best regards,
Yvonne

FlorasFrue sa...

Så nydelige strikkeplagg - herlige ting!!
Morsomt å ha en bestefar som samler på alt - tenker det kan komme hva som helst da :0) - du var jo skikkelig heldig med det, og ekstra gøy siden du husker at du har brukt det selv.
Kjersti

totliii sa...

Ååå... Ja, det er såå mykje fint i Myk start!! Har lukta på den mange gonger, men ikkje kjøpt den endå... Finfint!

Eg er og ein samlar. No har eg lært meg til at nokre ting MÅ kastast (les: gis til Fretex) innimellom, men det er ikkje altfor ofte. Kjekt å ha!