29.3.09

Favorittar

For ei stund sidan hadde Judith eit par innlegg om sine favoritt ting, og Silje har hatt eit innlegg om bøker. Dette syntes eg var både kjekt og interessant å lese, og i det siste har eg tenkt litt på kva som er mine favorittar. Det er litt interessant, for det kan seie mykje om ein person.

Eg byrjar med mine favorittbøker. Det er litt vanskeleg for eg har lese mange gode bøker, og i øyeblikket har eg kanskje gløymt nokon og, men eg tok ein kikk i bokhylla og fann fram dei beste bøkene eg har lese no i seinare tid.

"Saman er ein mindre aleine" Anna Gavalda. Ei herleg fransk bok! Tjukk som ein murstein, men veldig lettlest.

"De beste blant oss" Helene Uri. Veit ikkje om det er norsklæraren i meg som fall for denne boka, eller om det er ein liten lengt attende til studielivet... Hendinga går føre seg i eit universitetsmiljø, nærmare bestemt insitutt for futuristisk lingvistikk. Eg fryda meg over å kjenna igjen ord frå norskstudiet. Men det går fint å lese den sjølv om ein ikkje er over middels interessert i norsk og ;O)

"Bienes hemmelige liv" Sue Monk Kidd. Det har blitt ei stund sidan eg las denne no, kanskje eg skal lese den på ny i sommar...For dette er ei varm, gul og lun bok. Slik kjende ihvertfall eg det då boka fanga meg. Eg hadde ei fantastisk leseoppleving, og kan anbefale den på det varmaste.

Eg kan jo ta med Lilly si favorittbok òg. Dette er faktisk favoritten blant alle leken for tida. Ho er ikkje særleg interessert i knappane som lagar dyrelydar, nei, ho blar. Blar og blar, att og fram :O)

Kva er di favorittbok?

5 kommentarer:

Silje sa...

Hei du :)
Du e flinke å blogge Linn.
Bloggen din e veldig kjekke å lese.
Tenkte eg måtte sei de te deg!
Hehe.
Å takk for bok tips, eg elske å lese bøker!!
Har du lest Karen Kingsbury sine bøker? Har mange kjekke bøker i flere serier!!
Har du lest tusen strålende soler og drageløperen. Dei e jo fantastiske hørre eg. Ska lesa dei eg og, men vil vente litt me dei! hehe..

Ha ein fin søndag videre!
Klem!

linn sa...

Hei Silje. Så kjekt å hørra at du like bloggen min! :O)

Eg lure på om eg jedna har lest ei av bøkene t Karen Kingsbury....e ikkje heilt sikker på om d va d forfattaren hette:O)

Drageløperen og Tusen strålende soler e heilt supre. Drageløperen e min favoritt :O)

Klem-L

Familien Hegglid sa...

åh, det er så mange gode bøker!! :) Skal begynne på drageløperen nå snart- og gleder meg over å høre mange som sier den er så bra! :)
Favorittene er nok blant Francine Rivers mange verk... :)

totliii sa...

eg har favorittbøker i mange ulike sjangrar eg... kva for bøker som er best kjem liksom an på kva eg har lyst til å lesa akkurat den dagen... om det er britisk krim eller fantasy eller chick-lit eller klassisk litteratur.

men sånn generelt finst det mange gode bøker ute i den vide verda!

Sang Tao - Judith sa...

Bøker ja...hm..e det her eg ska sei bibelen?...;) Utenom det så har eg hatt drageløperen i tankane eg og ei god stond. Men eg må vel barra innsjå det, eg lese barra om sommaren. Elle når eg må..det vil sei pensum i norsk.

Koss blir det lunsjen i mårå da? Eg vett at Marita og e hima for tie. Men kan jo henda u har andre planer da, det vett eg ikkje.