26.5.09

Feber, scrapping og dansing

Vår litle Lilly er sjuk for første gong. Eller, eg veit ikkje om ein kallar det sjuk når ho berre har feber? Ho vakna i går kveld klokka ti og var glovarm, og sidan har temperaturen vore høg. Sjølv om eg veit at det er vanleg at ungar har feber, er det ikkje noko kjekt. I natt tenkte eg at det sikkert var på grunn av tenner, men då det ikkje har gitt seg enno, er det kanskje ikkje derfor...Merkar at eg alltid har behov for å ha noko å begrunne det med, når noko ikkje er som det pleier :O) Om nokon har erfaringar eller tips, tar eg gjerne imot det.


Lilly gav først kos til dyra i boka (det er eit område med "pels" på kvart dyr), og så til meg.
Me fekk og tilbud om å låne tutten :O)


Medan Lilly har hatt seg nokre kvilar, har eg endeleg kome i gong med albumen hennar igjen. Forrige gong eg holdt på, var det heilt ok, men i dag var det ganske kjekt! No ser eg faktisk enden på prosjektet. Klistermerkene eg fekk av Judith til bursdagen min, livar opp sidene. Det er ikkje så mykje som skal til, og fint utstyr gjer jobben enklare.





Sjølv om Lilly ikkje har vore heilt i form, måtte me berre danse då denne songen kom på radioen! :O)

Ønsker deg ein fin kveld!
Me kryssar fingrar og tær for ein roleg kveld, og ei natt med litt meir søvn enn den forrige...


2 kommentarer:

Gerd Katrin sa...

Stakar liten.. Viss feberen ikkje går ned, så kan d jo vara ein infeksjon, men så lenge hu ikkje tar seg t øyrene, eller hoste så går d sikkert øve av seg sjøl. GOD BEDRING:) Her e d sjikkelig flyttesjau, lure på koss eg ska klara å bli ferdig t fredag morgen:)

linn sa...

Takk for tips, "søster" Gerd Katrin :O)

Lykke t me flytting! Ska bli kjekt å få deg him for ei litå stond :O)